Overtydande debut
Komponisten Krogstad overraskar stort.
Mona Krogstad har gjeve ut det første albumet i eige namn.
Foto: Anna Rogneby
Jazz
Mona Krogstad:
Virgo Sun
Mona Krogstad, tenorsaksofon; Joakim Rainer Petersen, piano; Bjørn Marius Hegge, bass; Veslemøy Narvesen, trommer. Øra Fonogram
Mona Krogstad debuterer med sju eigne komposisjonar og ein kvartett med kvalitet i alle lekkar. Krogstad har ein kunna høyra i ekspressiv utfalding på plata Young Star (2020) med bandet Juno eller på konsertscenen med Hedvig Mollestad, Heidi Skjerve og Starlight Big Band.
På Virgo Sun står komponisten, orkesterleiaren og tenorsaksofonisten Mona Krogstad i rampeljoset. Det skal seiast at ho deler rundhanda plassen med dei tre andre i bandet. Det beste ein kan seia om denne plata, er at ho er så gjennomført i forma, men likevel så raus med rom for improvisasjon.
Krogstad tenkjer form og heilskap, men i denne heilskapen skjer det leikande og intrikat samspel. I «Song for Solveig» får både Petersen og Narvesen mykje plass. Sistnemnde spelar eit trommekor som er sjeldan velstrukturert. Hegge er hovudperson i «Sailor Man» med ein kjenslevar intro og basslinjer som i stor grad pregar komposisjonen. Hegge har også eit lyrisk kor på tittellåten.
Krogstad har eit velutvikla grep om komponeringa. Alle dei sju låtane har ein klar identitet og til tider overraskande form. Ho har nok henta inspirasjon frå Wayne Shorter på dette området. Som saksofonist kan ein høyra eitt og anna som minner om nemnde Shorter og Joe Henderson. Krogstad er ein spanande saksofonist som me vil få høyra mykje til i framtida. Ved denne krossvegen er det komponisten og orkesterleiaren som skin sterkast.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Mona Krogstad:
Virgo Sun
Mona Krogstad, tenorsaksofon; Joakim Rainer Petersen, piano; Bjørn Marius Hegge, bass; Veslemøy Narvesen, trommer. Øra Fonogram
Mona Krogstad debuterer med sju eigne komposisjonar og ein kvartett med kvalitet i alle lekkar. Krogstad har ein kunna høyra i ekspressiv utfalding på plata Young Star (2020) med bandet Juno eller på konsertscenen med Hedvig Mollestad, Heidi Skjerve og Starlight Big Band.
På Virgo Sun står komponisten, orkesterleiaren og tenorsaksofonisten Mona Krogstad i rampeljoset. Det skal seiast at ho deler rundhanda plassen med dei tre andre i bandet. Det beste ein kan seia om denne plata, er at ho er så gjennomført i forma, men likevel så raus med rom for improvisasjon.
Krogstad tenkjer form og heilskap, men i denne heilskapen skjer det leikande og intrikat samspel. I «Song for Solveig» får både Petersen og Narvesen mykje plass. Sistnemnde spelar eit trommekor som er sjeldan velstrukturert. Hegge er hovudperson i «Sailor Man» med ein kjenslevar intro og basslinjer som i stor grad pregar komposisjonen. Hegge har også eit lyrisk kor på tittellåten.
Krogstad har eit velutvikla grep om komponeringa. Alle dei sju låtane har ein klar identitet og til tider overraskande form. Ho har nok henta inspirasjon frå Wayne Shorter på dette området. Som saksofonist kan ein høyra eitt og anna som minner om nemnde Shorter og Joe Henderson. Krogstad er ein spanande saksofonist som me vil få høyra mykje til i framtida. Ved denne krossvegen er det komponisten og orkesterleiaren som skin sterkast.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?