Or gløymsla
Wilms var ein motekomponist som brått forsvann då smaken endra seg.
Den tysk-nederlandske komponisten Johann Wilhelm Wilms (1772–1847).
CD
Johann Wilhelm Wilms:
The Piano Concertos Vol. 1
Ronald Brautigam, hammarklaver, Kölner Akademie; dir.: Michael Alexander Willens. BIS 2022
CD
Johann Wilhelm Wilms:
The Piano Concertos Vol. 2

På byrjinga av 1800-talet var Johann Wilhelm Wilms eit kjent namn for konsertgjengarar nord for Alpane. I Amsterdam, der tyskaren slo seg ned for godt i 1791, syner konsertprogramma at verka hans blei spelte oftare enn Beethovens. Som klavervirtuos var han den fyrste som framførte mange av Mozarts og Beethovens klaverkonsertar i Nederland. I tillegg blei songen hans «Wien Neêrlands bloed» i 1815 kåra til kongerikets nasjonalhymne. Spesielt i den tyske musikkhovudstaden Leipzig var Wilms populær. Der omtalte det viktige musikkfagbladet Allgemeine musikalische Zeitung han i 1807 som ein av «dei mest åndfulle, livfulle og danna kunstnarane» i sin generasjon.
Men ryet falma fort, og etter 1820 blei knapt noko Wilms-verk trykt. Den tidstypiske lette og elegante stilen, der inspirasjonen frå Haydn, Mozart og den tidlege Beethoven skin tydeleg gjennom, gjekk av moten. Det at kona og fleire av borna døydde, bidrog nok òg til at komponisten tagna. Då han gjekk bort i 1847, var han – i beste fall – berre kjend som mannen bak nasjonalhymna (som nederlendarane heldt fast på fram til 1932).
Ikkje nynnbart
Kölner Akademie og den frittenkjande dirigenten Michael Alexander Willens har spesialisert seg på komponistlagnader av Wilms’ slag. Slikt har eg sansen for. Dei kanoniserte komponistkoryfeane frå perioden høyrer me jo ofte nok. Willens, derimot, gjev oss lyden av det gløymde, det som den gongen eksisterte side om side med Mozart og Beethoven i konsertsalane.
Rett nok er ikkje alle satsane på dei to platene med Wilms’ klaverkonsertar, der nederlendaren Ronald Brautigam er solist, like minneverdige. Til dømes er opningstemaet i fyrstesatsen «Allegro» i F-dur-konserten, op. 32 (1814), fint og litt finurleg forma, men ikkje noko eg vil kunna nynna på i etterkant. Den karakteristiske opninga til Ess-dur-konserten, op. 55 (1820), er på si side mistenkjeleg lik Beethovens femte klaverkonsert («Keisarkonserten») i same toneart.
Tid og stad
Wilms’ musikk er likevel eit ekte uttrykk for si tid og sin stad i musikkhistoria. Både orkester og pianist spelar på kopiar av historiske instrument. Brautigam trakterer eit tidsriktig instrument, ein kopi av eit Graf-klaver frå 1819 som har vedunderleg rund og varm klang og eit pirrande «bit» i anslaget. Saman med Kölner Akademies strykarar, som spelar vibratolaust på tarmstrenger – moderne instrument har metallstrenger – blir denne historiske lyden like vakker som han er melankolsk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.