Om påskeliljer og raseri
Jamaica Kincaid er kompromisslaus når ho avslører herrefolks blinde flekkar.
Jamaica Kincaid har skrive både sakprosabøker og romanar om kolonialisme og rasisme og har vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur.
Foto: Wikimedia Commons
Roman
Jamaica Kincaid:
Lucy
Omsett frå engelsk av Åshild Lappegård Lahn
Cappelen Damm
Lucy vart opphaveleg ugjeven i 1990 og kjem no i serien Oversette mesterverk på Cappelen Damm. Jamaica Kincaid har vore nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur og har skrive både sakprosabøker og romanar om kolonialisme og rasisme. Kritikken mot folket som har herska over hennar eige, manifesterer seg i eit særeige lysande raseri i Lucy. Kincaid har eit årvakent blikk også for andre maktforhold – mellom enkeltmenneske og grupper.
Som kvit, vestleg lesar kan møtet med Lucy kjennest på grensa til ubehageleg avslørande. Det skarpe blikket kan svi, og er kanskje nettopp difor ekstra augeopnande.
Gult hat
«Då eg var barn måtte eg lære eit dikt utanboks om ein blom eg aldri hadde sett, og lære å beundre og elske folket som var opphavet til at minna om meg sjølv vart utviska – ikkje mitt individuelle sjølv, men sjølvet til heile det folket eg kjem frå», seier Jamaica Kincaid i eit intervju. (Mi omsetjing)
Diktet det er snakk om, må vere det vidgjetne «I wandered Lonely as a Cloud» der William Wordsworth, som var britisk, skildrar eit breitt belte av påskeliljer på ei eng, ein tekst som opptrer også i Lucy. I ein symboltung episode ser hovudpersonen, som nettopp er komen til USA, påskeliljer for første gong. Det som skulle vere eit vakkert syn, fyller henne med kvalme og hat.
Som forfattaren kjem Lucy frå øya Antigua i Det karibiske havet, ein stad der det ikkje akkurat er mangel på blomar og andre vekstar. Likevel er det altså britisk vegetasjon borna skal lære å hylle og elske. Øybuarane som er etterkomarar av slavar som britane stal frå Afrika og førte over havet, må attpåtil lære seg å deklamere eit dikt med ein frase om at britane «aldri, aldri slavar skal bli».
Episodane demonstrerer Kincaids tydelege bodskap: Herrefolks blinde flekkar, korleis dei tidlegare koloniherrane kan vere godhjarta og opptatte av urettvise og miljøvern, men ikkje ser at dei sjølve er årsak til mange av dei store problemkompleksa verda slit med – både før og no.
Kompromisslaus
Lucy ser, og ho er ikkje nådig. Blikket hennar er så sylskarpt at det grensar til det utruverdige, jenta er berre nitten år. Kanskje er det likevel slik ei ressurssterk jente kan bli, når ho veks opp i eit samfunn gjennomsyra av kvinnediskriminering og rasisme.
Lucy kjem til USA for å vere au pair hos ein rik familie med fire born. Rollefordelinga er klår, men ho trivst hos familien, som er frisinna og sympatisk. Lucy blir snart knytt til frua i huset, Mariah, trass i forakta Lucy kan kjenne for Mariahs naivitet. På eit vis søkjer Lucy ei morserstatning i Mariah. Kjenslene for hennar eiga mor er blanda. Brev på brev kjem frå Antigua, Lucy les dei ikkje. På den eine sida er saknet så stort at ho ikkje orkar kjenne på det. Samstundes ber ho på bitterheit og ei kjensle av svik. Først langt uti romanen får vi vite kvifor.
Romanen følgjer Lucy på ferda gjennom eit samfunn og ei samfunnsklasse som er totalt ukjend for henne. Ungjenta greier seg likevel umåteleg godt. Også mennene ho møter, taklar ho. Lucy lar seg forføre, men kontrollert, og forfører like ofte sjølv. Ho veit kva ho vil, denne jenta. Ho er modig og sterk. Er det noko Lucy ikkje minner om, er det eit offer.
Jamaica Kincaids vesle bok rommar ei heil verd av erfaring og innsikt. Språket er enkelt og direkte. Lappegård Lahn har ført det over til eit plettfritt bokmål.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lucy lar seg forføre, men kontrollert, og forfører like ofte sjølv.
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.