Noble Nobile
Historia om Umberto Nobile kler stilvala til den dyktige animasjonsregissøren Kajsa Næss.
Titina, Roald Amundsen og Umberto Nobile i luftballongen.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Animasjon
Regi: Kajsa Næss
Titina
Med: Jan Gunnar Røise, Kåre Conradi, Anne Marit Jacobsen
Kinofilm
Gjennom auga til hunden Titina blir vi med på ferda til den vidgjetne luftfartsingeniøren Umberto Nobile. Ein dag på tjuetalet ringer telefonen frå fjerne Noreg. Roald Amundsen slår på tråden for å fortelje at Nobile må lage eit luftskip for å ta den norske eventyraren til Nordpolen. Slik byrjar ei innhaldsrik ferd, om enn ikkje nett eit flott vennskap.
Italia Noreg 1–0
Ein barnefilm om kjende polfarar vekkjer ikkje dei største forventingane om nyansar, men Titina slår Amundsen (2019) av Espen Sandberg ned i støvlane når det gjeld ikonoklasme. Amundsen er teikna som låtteleg arrogant, med nasen høgt heva, ganske bokstavelig tala. Kanskje i overkant.
Det er likevel artig at sympatien er soleklart hjå italienaren i ein norsk film. Nobile er skildra som ein smålåten og grei kar. Den fine streken på dei handteikna bileta er flott, inkludert det milde oppsynet hans. Mussolini er meir tullete teikna. Han fungerer som eit komisk avbrekk der han held talar om seg sjølv medan han gjev seg sjølv medaljar. Den stutte diktatoren freistar heve seg over dei andre frå oppå ein kasse. Hunden Titina, kalla opp etter den populære franske songen med same namn, har strengt tatt hovudrolla, og leverer med stor sjarm. Det er sprøtt at Nobile faktisk hadde med seg ein hund på ferda.
Kjekk og brei
Animasjonane er fine, i klassisk stil som slektar på franske tradisjonar. Originalt filmmateriale er bakt vakkert inn i teikningane med at Nobile mimrar med ein gamal filmrull. Songen frå tittelen er sentral i eit passande stemningsfylt lydspor der musikken vekslar mellom bittersøt og munter. Stemmene er snarare trauste.
Til saman er det likevel mange element i filmen som skapar ein vellukka film. Kva norsk animasjon gjeld, er dette ei verkeleg storsatsing. Titina er lett tilgjengeleg for barn. Å justere bileta av nasjonale typar når det gjeld både nordmenn og italienarar, er ein kjekk biverknad av ein vakker film som kan femne breitt. Ein herleg hund i hovudrolla er òg til hjelp.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er artig at sympatien er soleklart hjå italienaren i ein norsk film.
Håkon Tveit om Titina
Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?