JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Når media svik rettsstatstanken

Assange-saka vart ein kamp mot ytringsfridomen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Julian Assange på veg vekk frå rettsslokalet i London i mai 2019.

Foto: Matt Dunham / AP / NTB

4206
20220902
4206
20220902

Sakprosa

Gisle Selnes og Frode Helmich Pedersen:

Forfølgelsen av Julian Assange – eller kunsten å kneble en brysom budbringer

Pelikanen Forlag

Augusto Pinochet sat i varetekt i England i mindre enn eit halvt år (1999–2000), arrestert av di ei rekkje land ville rettsforfylgje han for tortur og brotsverk mot menneskeætta. Straks voks det fram ein svær aksjon for å få han frigjeven, i og utanfor parlamentet. Pinochet fekk attende den diplomatiske immuniteten av di ein medlem av domstolen som tok immuniteten ifrå han, hadde vore med på ein lokal innsamlingsaksjon for Amnesty International.

Ein dommar som var gift med ein som mange gonger vart omtala i Wikileaks, fekk derimot avgjere om Julian Assange skulle sitje arrestert i 2018. Assange sat i isolat, han vart håna og baktalt på det verste, og helsa vart jamt dårlegare. Det gav ingen lette i soningsvilkåra, medan same argumentet for Pinochet gav han rett til allslags gjester, såleis statsministeren, og førte til frigjering og heimsending (sjå Nils Melzers artikkel i Le Monde Diplomatique, august 2022).

Etterplapring

Skilnaden i handsaming forklårar kva for eit offisielt underbygd hat, fylgt opp av sentrale medium, som Assange har vore utsett for. Han torturerte ingen, drap ingen, men avslørte tusentals brot på krigslovene, menneskerettane og ei rad lover, såleis om korrupsjon. Dei store internasjonale presseorgana kravde aldri frisetjing av Assange, men la stein til børa.

Det same gjeld norske medium. For meg er det mest interessante kapittelet i boka det som heiter «Sideblikk på norsk medieoffentlighet», ein systematisk, overtydande gjennomgang av mediehandteringa, især i Schibsted-avisene. Media elles tok mønster av korleis Schibsted, med Aftenposten i spissen, utnemnde Assange som farlegare enn avsløringane. Få redaksjonar tenkte over kva slik framferd kan få å seie for tilstandane for rettsstat og ytringsfridom.

Panama-papira og Watergate og anna som i si tid vart hylla som stor journalistikk, er gløymt. Ein påstår seg i staden å ha omtanke for soldatar som lyder ukorrekte og ulovlege ordrar. Desse ordrane var ikkje alle ulovlege, men dei var ikkje etter regelverk og fastsette normer og førte til mannskapstap og så bortetter. Anten syner framgangsmåtane ei særs kynisk haldning overfor gjerningane som er avslørte, og til bodberaren, eller også ei relativt tanketom etterplapring etter utanlandske apologetar for handsaminga av Assange.

Overtydande

Dette er trist å oppdage og endeleg skjøne. Diverre står framstillinga til truande, sidan forfattarane av boka er særs grundige i å gå gjennom detaljane i korleis avsløringane kom i stand, tilfeldige heldige og uheldige omstende irekna, og dessutan feil som vart gjorde frå Wikileaks; dette gjer framstillinga svært truverdig, også drøftingane av dei påståtte seksuelle overgrepa i Sverige, der vi får eit klårt bilete av høgst uvanlege framgangsmåtar frå politi og rettsstell.

I drøftingane i siste helvta av boka fylgjer vi sameleis nøye dei rettslege tilhøva og korleis amerikanske styresmakter og juristar måtte konstruere både snarvegar og søkte tolkingar av lover, reglar og presedensar som måtte finnast, dinest korleis prosessen voks fram som politisert. Eg ser at nokre meldarar meiner ho er mykje for detaljert. Men det er just dei stringente, logiske samanfugingane av detaljar som verkar så overtydande. Og denne meldaren meiner at same kva folk meiner om Assange, får vi eit levande bilete av korleis ei kritisk resonnerande ålmente imploderte under ein kampanjeaktig antijournalistikk. Kva slik skammeleg åtferd får å seie for tilliten til den fjerde statsmakta, vil vise seg etter kvart.

Boka syner i alle høve korleis trente tekstanalytikarar er fullt i stand til å brette ut eit overlag komplisert materiale, overleira som det er av lausaktige påstandar og meir og mindre medvitne feiltolkingar, og gje oss eit heilt nytt grunnlag for forståing. Bravo. Slik kan humaniora ha ei viktig rolle.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er
forfattar og fast skribent i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er just dei logiske samanfugingane av detaljar som verkar så overtydande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis