Symfonisk vår
Det er friskt driv over Svenska kammarorkesterns Schumann-tolkingar.
Thomas Dausgaard dirigerer Svenska kammarorkestern.
Foto: James Holt
CD
Robert Schumann:
The Symphonies & Ouvertures
Svenska kammarorkestern; dir.: Thomas Dausgaard.
BIS 2022
Det Örebro-baserte Svenska kammarorkestern gav for ei tid tilbake ut alle Robert Schumanns (1810–1856) fire symfoniar og sju orkesterouverturar på tre einskildalbum, dirigert av danske Thomas Dausgaard. No kjem innspelingane samla, i ein fint tillaga trippelboks. Heldigvis inneheld boksen òg dei tre plateomslagshefta frå einskildalbuma, som har velskrivne innføringstekstar om komponisten, verka og tolkingane. (Den store ulempa i «strøymetidsalderen» er jo at me ikkje får tilgang til slike plateomslagstekstar. Eg vonar strøymetenester som Spotify snart kan finna ei løysing på dette).
Eg vil her konsentrera meg om symfoniane. Det fyrste albumet opnar med Symfoni nr. 1 i B-dur, op. 38. Denne blei til i 1841, eit år som i Schumann-forskinga blir kalla hans «symfoniske år». Året føreåt går under nemninga «Lied-året», for då skreiv han mest 150 lieder (kunstsongar med klaverakkompagnement). Før dette igjen var det klavermusikken han konsentrerte seg om. (Schumann hadde monomane tendensar, ja.)
For trongt
I fasar av manisk skapartrong var ikkje klaveret eit tilstrekkeleg uttrykksmiddel for Schumann. Han nemner dette i brev, til dømes til komposisjonslæraren: «Ofte vil eg smadra klaveret mitt, det er for trongt for tankane mine.». Å finna fram til ei eiga, nyskapande røyst som symfonikar, synte seg likevel å vera vanskeleg. Fleire partitur med tidlege freistnadar er bevarte – ein einskild symfonisats frå 1832 er med på albumet. Men det var fyrst med B-dur-symfonien han lukkast. Tilnamnet «Vårsymfonien» høver godt: Den innleiande trompetfanfaren i fyrstesatsen er ein ouverture til våren, både til våren i naturen og til komponistens kunstnarlege vår. Svenska kammarorkestern spelar opningstaktane breitt og majestetisk, medan ensemblet i den snøgge delen, «Allegro molto vivace», utviklar ein ustoppeleg energi.
Snøgt i svingane
Nummereringa av Schumanns symfoniar stemmer ikkje overeins med kronologien. Symfoni nr. 4 i d-moll, op. 120, til dømes, er i røynda hans andre (også den frå det «symfoniske året» 1841). Generelt tykkjer eg framføringa læt best i dei snøgge satsane, der orkesteret syner ein vakker klårleik, både i klang og i artikulasjon. Truleg har dette med besetninga å gjera. Svenska kammarorkestern er jo nettopp eit kammerorkester, ikkje eit fullt symfoniorkester, og med mindre mannskap kan det gå snøggare i svingane utan å klinga pressa eller upresist.
Men rolege satsar som blir flott spelte, finst òg. Særleg likar eg tolkinga av tredjesatsen «Adagio espressivo» i Symfoni nr. 2 i c-moll, op. 161, som Schumann dedikerte til kong Oskar I av Noreg og Sverige i 1846. Denne satsen svingar mellom romantisk lengt og resignert melankoli, og dirigenten Dausgaard maktar å byggja opp mektige dynamiske spenningar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.