Rom og instrument blir eitt
Erlend Apneseth oppsummerer på eiga hand.
Erlend Apneseth vender attende til formatet han debuterte i for ni år sidan.
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Samtidsmusikk
Erlend Apneseth:
Nova
Erlend Apneseth, hardingfele. Hubro
Soloplata er spelt inn i Tomba Emanuelle, mausoleet til Emanuel Vigeland, i august 2020 og april 2021. Med denne innspelinga vender han attende til formatet han debuterte med på Grappa for ni år sidan med Blikkspor. Apneseth blei alt tidleg i tenåra ein del av folkemusikkmiljøet i Sunnfjord, men møtet med Nils Økland gjorde at han fekk augo opp for improvisasjonen og dei mange måtane hardingfela kunne spelast på.
Det er spanande å lytta til både Blikkspor og Nova for å få perspektiv på den kunstnarlege reisa Apneseth har vore igjennom i løpet av desse ni åra. Alt i 2013 høyrer ein kimen til den eksperimenterande og improviserande Apneseth anno 2022 (inkludert fascinasjonen for pizzicato), og så er første kuttet på Nova lydarslåtten «Ly» etter Sigurd Eldegard frå Årdal. Det syner at Apneseth langt frå har mista kontakten med tradisjonen, og er tvillaust høgdepunktet på ei plate utan musikalske nedturar.
Elles er plata ein demonstrasjon av at hardingfela er eit uvanleg sterkt soloinstrument. Ho kan fylla dei fleste rom, men mausoleet til Vigeland og hardingfela til Apneseth poengterer dette i overveldande grad. Her skal lydteknikar Fridtjof A. Lindeman ha sin del av æra saman med Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde, medprodusentane til Apneseth.
Titlane viser til hendingar og personar som har betydd noko i livet Apneseth. Platetittelen er fleirtydig. Nova er namnet på eit stjernefenomen og eit hushjørne i bestemt form. Låttitlane «Bestemor Bremen», «Palmyra» og «Til eit Astrup-bilete» gjev rom for assosiasjonar, men det er ikkje programmusikk som blir servert på Nova. Langt sterkare band knyter han til musikk frå Midtausten og Aust-Asia med låtar som «Fall» og «Speglingar», men på denne plata, som med dei fleste viktige utgjevingar, er det heilskapen som imponerer mest.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.