JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Lækjande poprovdyr

Venus er eit heidundrande tivoli av eit popalbum, skriv Rasmus Hungnes om det nyaste albumet til Zara Larsson.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2008
20240426
2008
20240426

Pop

Zara Larsson:

Venus

Sommer House / Epic
Records

Venus er det fjerde studioalbumet til den svenske popdivaen Zara Larsson. Er det noko svenskane kan – og det er det – så er det popmusikk. Du skulle berre sett bakoversveisen eg fekk den gongen eg snubla forbi hovudscena på den siste Töreboda-festivalen og Zara skreid fram med fyrverkeri, dansarar og beinhardt band.

Eg er no svak for eit durabeleg popshow, og dette var sterke saker. Sanneleg, Larsson er det svenske motsvaret til Britney Spears. No var det rett nok den svenske låtskrivaren Max Martin som skreiv Britney Spears’ gjennombrotssong (i tillegg til eit vell av andre kramgoda låtar frå tida kring millenniumsskiftet for artistar som Backstreet Boys).

Zara Larsson har arbeidd med denne Max Martin, men på Venus er det hennar eige låtmateriale som står i sentrum. Med seg på laget har ho namn som 2000-tals-dansepopprodusenten David Guetta, og Venus er nettopp ei undersøking av den elektroniske popmusikken frå det tiåret, som ein kan merke er tilbake no i dette tiåret.

I likskap med Spears voks Larsson opp som barnestjerne: Ho blei kjendis då ho gjesta det svenske TV-programmet Talang i 2008. Du skulle sett bakoversveisen eg fekk då eg søkte opp og såg og høyrde ti år gamle Zaras songprestasjon på YouTube for litt sidan.

Venus er, som Zara Larsson sjølv seier, ei heidundrande venusberg-og-dal-bane av kjensler gjennom 2000-talets poptradisjon. Så der sit vi, lyttarane, i ei venusvogn susande i spinnville sløyfer gjennom berg og dal, og du skulle berre sett bakoversveisen eg har på hovudet nett no. Skulle nesten hatt storhjelm, som blomman venusvogn òg vert kalla, som òg vert kalla wolfsbane. I kinesisk tradisjonell medisin seiest blomen å ha lækjande eigenskapar: Venus er ei lækjande elektropopoppleving som bit frå seg.

Rasmus Hungnes

er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Larsson

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis