Den grå eminense står fram
Kolve har spelt på 150 plater, men berre tre i eige namn.
Jazz
KÅRE KOLVE:
Interactions. Live at Vossa Jazz
Kåre Kolve, sopran- og tenorsaks, Mathias Eick, trompet, Ivar Kolve, vibrafon, Espen Berg, piano, Anders Jormin, bass og Per Oddvar Johansen, trommer.
CURLING LEGS CLP CD 153
Kåre Kolve fekk i oppdrag å komponera eit tingingsverk til Jazzfest Trondheim i 2015. Året etter blei verket framført på ny på Vossa Jazz, og der blei det gjort opptak. No er plata her, med åtte låtar og ei samla speletid på ein god time. Kolve blei sitert i Adresseavisen i forkant av premieren: «Publikum vil få høre hva som foregår inne i hodet mitt, det kan til tider være en traumatisk opplevelse.» For å vri på Einar Gerhardsen: Lukkeleg er den som har så vakre traume.
Melankolien har likevel vore ein nær ven i tida då han skreiv musikken. Dette er den tredje plata i eige namn, og frå dei to første har eg notert meg at Kolve har sans for den vakre melodien. Dei finst det nøgda av her også, men her er det spleisa med ein gjennomgåande tristesse. Ein av dei vakraste augneblinkane er Kolves hylling av den canadiske trompetaren og komponisten Kenny Wheeler som gjekk bort for tre år sidan. På låten «Sir K.W.» spelar også Kolve eit av sine finaste kor.
Kolve har samla eit skikkeleg A-lag, og han har ikkje gjort dette utan å få rikeleg tilbakebetalt. Den største attraksjonen er faktisk det sjenerøse rommet han gjev medmusikantane til å boltra seg solistisk. Alle tek nemleg vare på sjansane. Det må vera lov å framheva Espen Berg. Han spelar enormt inspirert heile vegen. Kombinasjonen Jormin og Johansen er ein studie i samspel og konsekvent rette val. Interactions er absolutt rett platetittel.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazz-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.