JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Medrivande boksogeskriving

Tor Eystein Øverås har skrive eit imponerande verk, som likevel kunne ha vore meir analytisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4541
20221118
4541
20221118

Sakprosa

Tor Eystein Øverås:

Fakkelen er tent! Den norske billigbokrevolusjonen

Gyldendal

Tor Eystein Øverås er ein sterk litterær essayist. Han har skrive seg inn ein essaytradisjon for å skape subjektive, ofte dømeorienterte alternative blikk på kulturen; han skaper vinklingar ut frå eigne røynsler, irekna leserøynsler, og personlege opplevingar.

No har han grunda over det fenomenet at i tretti–førti år fekk jamt nye grupper tilgang til å byggje seg boksamlingar for lite pengar. Typiske lesarar, opplyser Øverås (s. 242), var naturleg nok «unge mennesker med mer og mer utdanning». Autodidaktar fekk det òg lettare, sameleis dei som skrudde i hop pensum på alle utdanningsnivå.

Eitt fenomen vert lite drøfta, sjølv om det vert nemnt mange gonger, nemleg «det redigerade samhället», med eit uttrykk skapt av den svenske maktutgreiinga (1985–1990). For det fyrste kunne vi gjerne gå etter dei samla redaksjonsprinsippa for Fakkel-bøkene; å selje bøker er ikkje heilt som å selje fiskepudding – sjølv om ein skal ha noko for kvar smak. Og smaken vert til dels spennande diskutert.

Børs og katedral

Tilhøvet mellom børs og katedral er sjølvsagt underliggjande. Særs verdfull er diskusjonen om marknad og visuell utforming. Det visuelle inntrykket er vel så internasjonalt som tekstutvalet. Øverås gjer eit pionerarbeid ved å leggje så stor vekt på bokkunsten, i omslag, layout og utstyr. Billegbøkene, især dei til Gyldendal, dreiv oss framover mot ei multimodal verd og gjorde oss sensitive overfor nye uttrykk; meiningsfylden oppstår i tilhøvet mellom teiknsystem.

Kva gjorde så inntrykk? Øverås kjem inn på lesarreaksjonar og endringar i lesevanar; om desse endringane i nyare tid veit vi diverre altfor lite. Her kunne det ha vore mon i å gå lenger i diskusjonen omkring redaksjonelle prinsipp, især sidan Øverås klårt syner korleis Lanterne-bøkene var vel så konservative og gjorde klassikarar til grunnstamme, der det vart lønsamt og ærefullt for nye forfattarar å få innpass.

Trass i mange akutte og aha-gjevande observasjonar har den subjektive inngangsmåten til Øverås visse avgrensingar, jamvel overstyrande funksjonar. At han gjev til beste sine personlege inntrykk av ulike direktørar, får så vere, men han er så konsentrert om dei indre dynamikkane i Gyldendal. At han set Gyldendal i sentrum, er greitt, sidan boka har hovudmaterialet her, men ho lovar då å ta for seg heile den norske revolusjonen. Ein del materiale kunne med større komparativ lyst gjeve krassare og tydelegare analysar.

Ulike forlag

Sidan Marianne Egeland gav ut boka om Universitetsforlaget i 1996 (eller er det just av di denne boka finst?), er det pussig at «Universitetsforlaget satser» er eit heilt kapittel – på to sider, men der også det meste handlar om Gyldendal. Kapittelet opnar rett nok med at det var U-forlaget som gav ut den fyrste moderne kvalitetsbillegboka i 1964 – men den boka vart opphavleg utgjeven på Gyldendal i 1939. Og vart ein suksess på Universitetsforlaget. Her kunne ein venta diskusjon kring tenkjemåten i ulike forlag.

Pax og Samlaget er grundigare framstilte, over 100 sider seinare. Øverås tek ikkje opp Samlagets tradisjon for utgjeving av klassikarar frå mange skriftkulturar, så vel sakleg som skjønt, sidan 1800-talet – og unngjekk, før mot slutten, det meir ellevilt moderne. Oktober er litt karikert som eit politiserande forlag. Alt dette kunne med stor føremon vore drøfta tidleg i boka, så vi fekk ei forståing av kva det stod om av redaksjonelle og økonomiske satsingar i ei større breidde.

Øverås tek igjen feste i sine røynsler, no frå refleksjonar over posesal av bøker, i avslutninga av boka, og reiser nokre interessante spørsmål om teknologi, demokrati og rolla boka har i vår tid. Denne meldaren finn avrundinga litt slapp, litt matt, i høve til den dynamiske, energiske og medrivande forteljemåten til Øverås.

Dette imponerande verket vert nok ståande som ein referanse (sjølv utan eit sterkt sakna register!) i lange tider. Men det er òg ei påminning om at for sakleg analyse er forteljingar sterkt styrande, sjølv når kronologien, som her, er oppbroten og ikkje går frå status til status, men vandrar ikring i eit landskap under endring. Trongen til å fortelje medrivande tek luven frå eit analytisk perspektiv med klårare konklusjonar.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis