Musikk

Meditativt og lågmælt

Anja Lechner set bumerket sitt på musikken.

Anouar Brahem (t.v.) har med seg Anja Lechner, Django Bates og Dave Holland i kvartetten sin.
Publisert Sist oppdatert

Anouar Brahem har henta tittelen til den siste plata si frå ei verselinje hjå den palestinske poeten Mahmoud Darwish: «Kvar skal fuglane flyga etter den siste himmel?». Eit 40 år gamalt dikt har med Israels herjingar på Gaza fått ny aktualitet, og den 67 år gamle tunisiske musikaren er oppteken av palestinarane si sak, men som han seier: «... instrumentalmusikk er i sin natur abstrakt og formidlar ikkje bestemte idear ...». Musikken er meir retta mot kjenslene, og korleis lyttaren responderer, varierer frå individ til individ. Det er sterke kjensler Brahem, Lechner, Bates og Holland formidlar, men på særs stillfare vis.

35 år har gått sidan Brahem vitja Rainbow Studio og spelte inn Barzakh. Seinare har det kome 15 plater til på ECM-etiketten. Holland har Brahem arbeidd med på fleire plater, og Bates var saman med Dave Holland og Jack DeJohnette på den kritikarroste Blue Maqams. Det er første gong han samarbeider med Lechner. Faktisk er det første gong han inkluderer cello i instrumentariet på ei innspeling. Ikkje berre er Lechner ein strålande cellist, men ein vesentleg kvalitet ved musikken er korleis oud og cello saman presenterer temaa.

Arabisk maqam er ei samling melodiske mønster som gjerne blir brukt som kjelde til improvisasjon, og Brahem har gjennom platene sine synt at han med utgangspunktet sitt kommuniserer godt med musikarar innanfor ei jazz- og samtidsmusikalsk ramme. Så også her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement