Musikk
Multiverse – eit vakkert univers
Multiverse lagar ein fascinerande vev av det arrangerte og det improviserte.
Sidsel Walstad og Multiverse.
Foto: Vidar Lunden
Anders Lønne Grønseth held fast ved besetninga han har operert med på alle dei fire føregåande Multiverse-platene, men han har inkludert Sidsel Walstad på harpe. Eit val som gjev god konseptuell meining.
«This album is about time», heiter det i ein prosatekst sett opp som eit dikt i ti ujamne strofer. Det grunngjev på eit vis at Walstad og harpa er med på lasset på delar av materialet som ein viktig ingrediens i ensembleklangen – spesielt i opningssporet «Khronos & Ananke» og duosekvensen med Berg i «Chronism III». Solistisk er det framleis Grønseth, Hayden Powell og Espen Berg som dreg lasset.
Bitonal skala
Kompositorisk byggjer Grønseth vidare på det han kallar det bitonale skalasystemet som han forklarar i eit lite innstikk til CD-en, men som han også legg til – «musikk må forståast med hjartet, ikkje med hovudet». Uansett erkjenningsteoretisk tilnærming er musikken, både dei seks komposisjonane og dei improvisatoriske utleggingane, ein musikalsk heilskap av fremste merke.
Harmonisk ope
Låtmaterialet er harmonisk ope og går i sakte tempo med mange rubatoparti. Musikken er lågmælt og ettertenksam, men likevel variert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.