Musikk

Scheensgroove

Ståle Storløkken set sitt karakteristiske bumerke på innspelinga.

Scheen Jazzorkester og Ståle Storløkken.
Publisert Sist oppdatert

Eg har ved fleire høve gjeve uttrykk for kor imponerande den kunstnarlege verksemda til Scheen Jazzorkester er. At dei greier å halda oppe ein slik frekvens av nyskapande prosjekt, må ein berre ta av seg hatten for. Den økonomiske kvardagen til store rytmiske ensemble her til lands er alt anna enn ein dans på roser. Noko anna som er minst like imponerande, er det mangfaldet i uttrykk som dei ulike prosjekta representerer.

Her samarbeider orkesteret med tangenttrollmannen Ståle Storløkken. Det gjev utfordringar til delar av orkesteret som i andre samanhengar har ei meir tilbaketrekt rolle. Ikkje for det, det er sjeldan Audun Kleive har ei tilbaketrekt rolle... Likevel er mykje av stoffet tangent- og rytmeseksjonsdrive, der kvartetten Storløkken, Dale, Renvåg og Kleive lagar ei skikkeleg salsagryte av vreng og groovar, men Dale på piano skapar også eit meir gjennomsiktig lydbilete i «Orbital Dance», der også Bergsrønning er friskt frampå med eit altsakskor. Trombonerekkja får også brynt seg på denne låten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement