Media
Mediekamp
Kva skjer når sanning kolliderer med kjensler? Ein dokumentarserie på SVT splittar Sverige.
Joakim Lundell og kona Jonna driv kanalen Familjen Lundell på YouTube. Dei har over ein million abonnentar og er av dei med mest innflytelse på sosiale media. Dokumentarserien «Hatet: En mamma. Två bröder. En miljon som tittat» splittar svenskane.
Skjermdump: YouTube
«Joakim Lundell er ein av dei nye makthavarane i Sverige. I meir enn ti år har han delt livet og kvardagen sin med publikum gjennom stadig større kontoar i sosiale medium. Men kven er han eigentleg?»
Slik presenterte rikskringkastaren SVT Hatet, ein dokumentarserie i tre delar om influensaren Joakim Lundell. Fyrste episode vart send tysdag 2. desember og var nærast eit karakterdrap. Det neste døgnet rann 1200 klagar inn til Granskningsnämnden, som svarar til det norske Kringkastingsrådet.
Bak serien står den prislønte dokumentarjournalisten Bo-Göran Bodin. Så kvifor tek trauste SVT fram sitt tyngste skyts og brukar ressursar, sendetid og journalistar på kle av ein influensar? Grunngjevinga er at influensarane er dei nye makthavarane.
Utanfor dei tradisjonelle og redaktørstyrte media er det ei parallell medieverd, eit anarkistisk univers av hat, kjensler, hemn, lovløyse – og mykje pengar. Det var dette SVT ville dokumentere.
«Jocke Lundell er ein av Sveriges mektigaste personar. Han har over ein million følgjarar i ulike sosiale medium – og dei er trugne. Før vi hadde sendt dokumentaren, var mange alt sinte», sa Bo-Göran Bodin i eit intervju med Sveriges Radio. Dei er framleis sinte.
«Mi tiltru til SVT er lik null. Eg stiller meg høgst kritisk til at skattepengane mine går til dei», skriv ein. «Fy for eit fråstøytande menneske han er, Bo-Göran Bodin», skriv ein annan. «Eg står på Jockes side. Bruk eigen hjerne i staden for å tru på sossarnas medium.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.