Musikk

Gladlynt dansemusikk

Far og son Opsahl tøyer i folkemusikkomgrepet.

Carl Petter og Johannes Opsahl.
Publisert Sist oppdatert

Carl Petter Opsahl har bak seg ein meir enn 40 år lang karriere som musikar. Han har vore dregen mellom jazz og folkemusikk, og i mange tilfelle har desse sjangrane smelta saman i det Opsahl har halde på med.

I dag har folkemusikken ein renessanse blant ungdom, gjerne i ein miks mellom folkemusikk og det ein kallar elektronisk dansemusikk. Far og son Opsahl tek denne fusjonen på pulsen med albumet Folkcore.

I presseskrivet hevdar Johannes at det dei gjer, er å tøya grensene til folkemusikken «... ut i ytterpunktene». Diskusjonen om sjangerblanding kontra sjangerutviding kan eg la liggja her.

Carl Petter har komponert 12 av 14 låtar, og Johannes har komponert to i tillegg til å stå for arrangementa. Carl Petters signatur som låtskrivar kjenner ein lett att. Han er inspirert av austnorske slåtteformer og irsk musikk.

Musikken er melodisk og dansebar. På dei fleste låtane har Johannes eit svært tett trommekomp som nærast vev seg inn i melodilinjene og gjev uttrykket eit «sprettent» preg. (Han kunne nok ha halde noko attende på «And Then», men dosering av Möllers tran er ikkje alltid like lett.)

Signaturlåten «Carl­petter­nator» har nettopp dette vitale samspelet mellom klarinett og trommer oppå ei groovande synthbasslinje der Johannes har brukt fleirsporsteknikk for å få fram ein feit ensembleklang.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement