Reportasje

Kong Rex av Gullandet

På veggen i stova mi heng bildet av bestefar med hundespannet.

Rex i spissen for ti andre hundar og postkøyrar og gullgravar Anders Sæther.
Publisert Sist oppdatert

Anders Sæther hadde aldri sett slikt nordlys. Det fylte himmelen med breie, flakkande band av lysteppe som skaut fosforgrøne bølgjer ut i det uendelege rommet. Himmelen var lys, og det einaste lyset var nordlyset.

Anders låg på havisen og såg rett opp. Han kom ikkje til å fryse i hel, liggjande i ein sovepose av villreinskinn, kledd i ein parkas av selungeskinn og knehøge snøstøvlar av ulveskinn. Han fekk fatt i kjeda til lommeuret, fiska det opp i nordlysnatta og såg at klokka hadde passert midnatt. Ein ny dag var begynt, viss han låg i ro. Rulla han til høgre, var han i morgondagen. Rulla han til venstre, var han i gårsdagen. Berre når han låg heilt i ro, var han i notida, i si eiga notid, midt på datolina mellom Russland og USA.

Eg har datolina i kikkerten, men ser ho naturlegvis ikkje. Eg står ved kanten av Beringsundet, der det berre er fire mil mellom Amerika og Asia. Anders Sæther var bestefaren min.

Han kom til Nome i Alaska som tjueåring i 1900. I fleire år var gullet han fann der, berre støv, ørsmåe fragment av draumen om nuggets store som egg, om gullklumpar så lysande at dei farga all framtid. Så, i februar 1906, kryssa han Beringsundet med hundespann i jakta på det gule, mektige metallet.

Nome var verdas verste ryktemarknad. Gullfunnet hausten 1898 starta eit gullrush som gneistra av galskap. Titusenvis av eventyrarar fylte stranda på Sewardhalvøya med telt og plankehus og saloonar og rykte, stadig fleire rykte, og eitt av dei sa at det var mykje gull i Sibir, på andre sida av det frosne Beringsundet.

Anders var US Mail Carrier på si. Han måtte tene pengar til gullgravinga og køyrde hundespannet sitt langs ei postrute på meir enn 600 kilometer for å levere kjærkomne brev til einsame gullgravarar i den arktiske villmarka. I spissen for spannet gjekk store, kraftige Rex, alltid klar til å trekkje det han var god for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement