Med døden som fylgje
Byrået er ein roman om ein uvanleg krunglete veg tilbake til livet.
Eskil Skjeldal har skrive fleire sakprosabøker og debuterte med ein roman i 2021.
Foto: Vegard Giskehaug
Roman
Eskil Skjeldal:
Byrået
Cappelen Damm
Med Byrået held Eskil Skjeldal fram langs det tematiske sporet frå romandebuten i 2021. Også i Fars hage, mors hus, utforska forfattaren menneskesinnet og forholdet mellom individet og flokken.
Olav Haraldsson er ein søring som har flytta nordover og etablert seg som gravferdsagent. Han er framstilt som ryddig, observant og profesjonell i jobben sin, og litt i overmål tilfreds med det balanserte forholdet han har til sorga som omgjev han. Likevel er det noko som ikkje stemmer. Mykje er fråverande i livet hans. Ja, det synest nærast som han lever eit halvt liv. Han skildrar kontoret sitt som ei likkiste med god utsikt, og samstundes forklarer han at «om jeg ikke orker å dra hjem, finner jeg fram madrassen på bakrommet og sover på kontoret».
Klaustrofobisk
Bortsett frå dei kontaktane han har skaffa seg gjennom yrket, har han knapt nokon som kan kallast vener. Unnataket er naboane, Marta og Per, eit eldre ektepar han av og til et middag med. Då Per vert borte på sjøen, må Olav navigere mellom rollene som gravferdsagent og ven. Det viser seg å vere svært vanskeleg, sidan han har så lita røynsle med venskap.
Sprekkar opnar seg i panseret han har bygd opp mot verda. Utan uniforma, den svarte dressen til gravferdsagenten, er han på gyngande grunn, og dei godt innøvde responsane han nyttar seg av i yrket, er ubrukelege. I store delar av teksten finn vi han i diskusjon med ein ekstremt unådig indre kritikar: Kva skal han seie? Når skal han seie det? Korleis skal han oppføre seg? Korleis skal han kle seg?
Grav alvorleg
Sparsame attersyn gjev forklaring på kvifor livet til Olav har utvikla seg som det har: «Kanskje var jeg som hoggormen eller bjørnen om vinteren, der de går inn i en slag skinndød tilstand når de ytre livsvilkårene blir for harde?»
Skjeldal har ei eiga evne til å la skarpt observerte detaljar fortelje om store, omkalfatrande hendingar. På overflata er romanen ei realistisk skildring av eit menneske i naud, men dei symbolske understraumane flyt kanskje vel så kraftig som i debutromanen. Nokre av symbola er i overkant velbrukte og knytte til naturen, mørketida nordpå, dauden og havet. Andre ligg djupare. Ein kan difor med fordel lese teksten langsamt. Diverre synest eg at den fine balansen mellom dei realistiske og symbolske laga vert forstyrra mot slutten, og det bikkar over til melodrama.
Romanen er ikkje utan humor, men han utløysar ikkje spontane latterbrøl hos denne lesaren. Det er synd, for eg har sjeldan som lesar hatt større trong for ein trykkventil. Forteljinga fører oss nær sorga, noko som er meisterleg formidla og tidvis nesten uuthaldeleg å ta inn. Språket er ofte svært direkte og brutalt, og dei mange tekniske detaljane knytte til døden gjer det ikkje lettare å fordøye. Så trass i at det ikkje er svart på svart, og at det finst lyspunkt, klarer eg ikkje å fri meg frå kjensla av at romanen burde vore utstyrt med ein varseltrekant.
Guri Sørnes
Guri Sørnes er litteraturvitar og radioteknikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.