Når utvinning vert utbytting
Stillbilde frå «Att använda landskap» (2016–17), Anja Örn, Tomas Örn og Fanny Carinasdotter.
Utstilling
Strømmer av følelser, kropper av malm
Kunsthall Trondheim
13. september–21. desember 2018
Kurator: Lisa Rosendahl
Kunstnarar: Lise Autogena og Joshua Portway, David Blandy, Liv Bugge, Sean Dockray, Bodil Furu, Marianne Heier, Louis Henderson, Lawrence Lek, Hanna Ljungh, Rikke Luther, Ignas Krunglevic?ius, Eline McGeorge, Karianne Stensland og Anja Örn, Tomas Örn og Fanny Carinasdotter
Det er fint å sjå at Kunsthall Trondheim denne gongen har nytta alt areal i begge etasjane til utstillinga. Dette har blitt ei svært innhaldsrik utstilling. Svenske Lisa Rosendahl er frilans kurator busett i Berlin. Ho har sett saman eit godt, internasjonalt repertoar av kunstnarar. Dei fleste verka er videobaserte, og filmane er på opptil 48 minutt, så set av god tid.
Så smått, så høgt
Ifølgje retningslinjene for museum skal utstillingar ha universell utforming. Lyd, bilete og fysiske konstruksjonar skal utformast slik at dei tek omsyn til alle med nedsett funksjonsevne. Såleis får ein også løysingar som fungerer godt for alle. I utstillinga Strømmer av følelser, kropper av malm er etikettane med informasjon om verka ørsmå, og tekstane i filmane er ikkje større. Det er også problem med lydbildet. Videoverka snakkar i munnen på kvarandre, det vert vanskeleg å konsentrere seg. I tillegg er lyden i hovudtelefonane så høg at dei måtte haldast langt unna øyra. Det finst mange løysingar som ville fungert betre, til dømes lyddusjar og justerbart volum på hovudtelefonane.
Trønderske kopargruver
Utstillinga innleier med å vise montrar med kopar frå Løkken Verk i Trondheim. Koparutvinninga på 1600-talet skapte velstand for byen. Verket er interessant å sjå i samanheng med installasjonen «Curiosity Cabinet (copper 16.25 kg)» (2018) av den svenske kunstnaren Hanna Ljungh. Kunstnaren arbeider med å visualisere grunnstoffa som er essensielle for menneskekroppen. Verket er utforma av kopartrådar på til saman 16,25 kilo, som er den mengda kopar ein kan utvinne frå heile befolkninga i Trondheim.
Mange av videoane set søkjelys på dei ulike utfordringane ved utvinning. «Kuannersuit; Kvanefjeld» (2016) av Lise Autogena og Jushua Portway viser korleis menneskelege relasjonar vert skadde. Ein kommune på Grønland hamnar i ein opprivande konflikt om mineralutvinning i nærleiken. Utvinninga er helseskadeleg, ho øydelegg natur som har status som Unesco-verdsarv, og er endåtil driven av utanlandske aktørar som tek mesteparten av profitten. Samstundes vert det argumentert for at dette gir pengar og er eit avgjerande bidrag til eit styrkt grønlandsk sjølvstende.
I videoinstallasjonen «Att använda landskap» (2016–17) tek Anja Örn, Tomas Örn og Fanny Carinasdotter føre seg korleis landskap i dei nordlege delane av Sverige vert deformert på grotesk vis i jakta på særs små mengder metall.
«With the Free Rider into the Oil Age and Beyond» (2014) av den norske kunstnaren Eline McGeorge viser korleis Noreg har teke seg til rette utanfor landegrensene. Her ser vi oljeutvinninga til Statoil (Equinor) i Alberta, i eit område som tilhøyrde eit kanadisk urfolk som var ueinig i den sterkt forureinande drifta. Filmen er ei elegant kryssklipping med scener frå Blindpassasjer, den første norske science fiction-serien som vart laga for TV. Her har ein robot drepe og erstatta ein i mannskapet, spørsmålet er kven av dei som ikkje er menneskeleg. Serien vart utvikla på syttitalet, parallelt med at Statoil etablerte seg. På uhyggeleg vis fortel filmen at slike overtramp før eller seinare fell tilbake på ein sjølv.
Digitale framtidsvyar
Her er også fleire arbeid som problematiserer korleis mektige, verdsomspennande teknologiselskap som Facebook og Google lokkar og forfører med digitale godbitar og sankar inn enorme mengder informasjon om oss som dei håvar inn pengar på.
Lawrence Lek (f. 1982) er presentert med ein science fiction-film på 48 minutt. Menneska har for lengst utspelt rolla si og døydd ut, og den kunstige intelligensen er i ferd med å utforske fridommen i eigne val, såleis også kunsten, filosofien og det guddommelege. Lek skisserer den nye herskande arten etter mennesket. I år 2065 utviklar den militære satellitten Geomancer sjølvmedvit og ønskjer å bli kunstnar. Han forlèt pliktene sine, sjølve årsaka til at han er skapt, og kjem ned til jorda. På grunn av klimatiske endringar står jorda under vatn. Han flyg til Singapore, ein av byane som har klart seg. Her finn Geomancer ut at han slett ikkje er så unik som han har trudd. Grupperinga Sinofuturistane har for lengst vunne fram. Satellitten går på museum og får oppleve ei simulering av korleis byen var før vatnet steig. Simuleringa får oss til å grunde over om røyndomskjensla til Geomancer er ekte eller virtuell.
Filmen er godt handverk, også lydspora er komponerte av Lawrence Lek. Filmen er fylt av poetiske dvelande scener gjennom fantastiske bygningskonstruksjonar som speglar arkitekturutdanninga til kunstnaren. Filmen er kompleks og krev at ein set seg inn i asiatisk historie, kultur og religion. Gamalt tankegods vert aktualisert på nytt gjennom den lynraske teknologien. Til dømes vert kunstig intelligens samanlikna med den buddhistiske doktrinen om at ikkje-eksistens inneber eit medvit utan kropp.
Namnet Geomancer viser til ein spådomsmetode frå Midtausten, der ein tolkar mønster i bakken. Filmen er så interessant at han fortener ei kunstmelding i seg sjølv.
Samfunnsoppgåva
Dei som meiner samtidskunsten ikkje tek samfunnsoppgåva si alvorleg, bør ta ein tur til Kunsthall Trondheim. Utstillinga Strømmer av følelser, kropper av malm tek føre seg temaet utvinning på svært mange ulike måtar. Ein må ikkje la seg skremme av den svulstige tittelen. Dette er ei utstilling reinsa for unødvendig komplisert terminologi.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.