JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kritikk og forsoning i dans og teater

To festspelframsyningar tematiserer «sameproblemet». Eller er ikkje samane problemet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Framsyninga til det nyetablerte Kvääniteatteri handlar om tvil, undering og ein yogaball.

Foto: Jørn Holm

5284
20230602
5284
20230602

Kvääniteatteri
på Den Nationale Scene

Teodor Janson og Frank Jørstad:

Näkymätön kansa – Det usynlige folket

Regi: Frank Jørstad
Koreografi: Helle Levang Moum
Kostyme: Nora Furuholmen

Carte Blanche i Studio Bergen

Elle Sofe Sara og Joar Nango (idé og konsept):

Birget; Ways to deal, Ways to heal

Koreografi: Elle Sofe Sara
Scenografi: Joar Nango
Kostyme: Indrani Balgobin
Musikk: Anders Rimpi

Vi er inne i ei nasjonal sannings- og forsoningsveke. Kva som kjem ut av dette, er uråd å seie. Viljen til å opne seg for all urett den samiske minoritetsbefolkninga har vore usett for gjennom den brutale fornorskingspolitikken, synest stor. Men kva skal forsonast, kven skal forsonast og korleis skal ei forsoning finne stad?

Festspela i Bergen har valt å ta rapporten frå den statlege Sannings- og forsoningskommisjonen på forskot – både med teaterframsyninga Det usynlige folket frå det nyskipa Kvääniteatteri og med Carte Blanches danseframsyning, Birget; Ways to deal, Ways to heal.

Kor råkande tittelen Det usynlige folket er, går ikkje minst fram av det faktum at då Stortinget i juni 2018 oppretta kommisjonen og gav han mandat, hadde dei visst gløymt at skogfinnane fanst. Dei blei først innlemma året etter. Og det gjekk drygt 20 år frå Kong Harald ved opninga av Sametinget i 1997 sa seg lei for den uretten samane hadde lide, til Stortinget fann tida inne til å sjå sjølvkritisk på den øydeleggjande fornorskingspolitikken og kva for konsekvensar han har fått.

Identitet

Det usynlige folket er den aller første produksjonen frå det kvenske teateret med base i Storslett i Troms. Dei fire aktørane tek oss inn i ein velkjend problematikk for nasjonale minoritetar: spørsmålet om identitet. Kva betyr det å vere kven? I ei fin blanding av alvor og humor, og med ikkje så lite sjølvironi, presenterer ensemblet eit nokså framandt landskap, der ytre press og indre press kan gjere sjølv den stødigaste usikker på kven han eller ho er.

Det er blitt ein samtale om nordisk identitet. Kva det er, kva det skal innehalde, om ein eigentleg treng ein stram definisjon. Konsekvensane av fornorskinga ligg som eit bakteppe, men får aldri dominere i ei framsyning som problematiserer, men ikkje hevar peikefingeren. Her blir ingen definerte ut – sjølv om det er eit faktum at storparten av kvenane er blitt så fornorska at dei ikkje kjenner sitt eige språk.

Som debutarbeid held dette bra kvalitet. Sjølve samtaleforma har sine avgrensingar, men ein god del av det blir vege opp av stadige rørsler og dynamikk i spelet. Kvartetten på scenen verkar likeins godt samspelte og syner både overskot og speleglede, sjølv om nivået på prestasjonane varierer noko.

Fellesskap

Carte Blanche, det nasjonale kompaniet for samtidsdans, har invitert dei godt etablerte samiske kunstnarane Elle Sofe Sara (koreografi) og Joar Nango (scenografi) til saman å utvikle idé og konsept til Birget. Det har blitt eit sterkt kulturmøte mellom minoriteten og majoriteten her i landet. Dei stadige rørslene fortel om avstand, i kultur, makt og mynde, men også om røynsler majoritetssamfunnet kjenner dårleg og heller ikkje har gjort stort for å bli kjende med.

Framsyninga utviklar seg frå individ til fellesskap, som eit ønske om at bruer skal kunne byggjast, sår heilast («Ways to heal»). Ei von om at det som no skal skje framover, vil føre til noko positivt, utløyse ein prosess av sjølverkjenning hos det store fleirtalet, sterk nok og ekte nok til at den samiske minoriteten kan akseptere den gode viljen, leggje av seg skamma og kanskje saman med resten gå vidare.

Birget er eit samisk ord for det å meistre eller bli berga når alt er i forandring. Det er nok eit dekkjande uttrykk for korleis desse folkegruppene har måtta takle eit storsamfunn som helst vende dei ryggen – og som seinast i Fosen-saka har synt at samiske rettar ikkje blir høgt respekterte.

Koreograf Elle Sofe Sara og kunstnar Joar Nango står bak framsyninga med Carte Blanche.

Foto: Øystein Haara

Håp om forsoning

Kongens tale til Sametinget og debattar i Stortinget ligg som eit lydspor gjennom det meste av framsyninga. Frå ein høgtalar på ein stor slede ute i den tronge foajeen i Studio Bergen går dette i loop, og sleden med lydopptaket blir med oss inn i salen.

Her blir vi direkte konfronterte med situasjonen til samane. Under fleire publikumssete ligg tomme sekkar som ei påminning om at det minkar på reinfôret mange stader. Sekkane blir vi bedne om å kaste fram på scenen, og slik blir vi ein del av framsyninga, vi må involvere oss – den finaste og mest lovnadsfulle einskildaugneblinken denne kvelden, eit håp om forsoning og fellesskap.

Framsyninga er profesjonell i alle ledd, kraftfull og rørande. Litt kaotisk i byrjinga, men med sikker rørsle mot ein konklusjon. Politisk, ja, men aldri slik at det politiske går på kostnad av kunsten. Og slett ikkje «forkynnande».  

Det låg også i kommisjonens mandat å komme med framlegg til korleis urett kan rettast. Det blir ikkje berre opp til det politiske Noreg, men opp til kvar og ein av oss. Langt viktigare enn det som skjedde i går, er difor det som skjer i vekene, månadane og åra som kjem. Det er då Noreg og nordmenn skal syne om vi består demokratiprøva. 

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis