Krigersk og fredsælt
Å lytte til Fulu Mizikis tettpakka lydlappeteppe, med instrument laga av skrap, er som ei religiøs oppleving.
Elektronisk
Lady Aicha & Pisko Crane’s Original Fulu Miziki of Kinshasa:
N’Djila Wa Mudujimu
Nyege Nyege Tapes
Fulu Miziki sprang ut or slummen i Kinshasa, hovudstaden i Den demokratiske republikken Kongo, i 2003, og lagar musikk på sjølvlaga instrument. Tidlegare medlemmer har danna eit nytt band med same namn, men utan grunnleggjaren Pisko Crane og vokalisten, performancekunstnaren og motedesignaren Lady Aicha: Dette er visst forklaringa på kvifor bandnamnet – Lady Aicha & Pisko Crane’s Original Fulu Miziki of Kinshasa – er så langt.
Albumet N’Djila Wa Mudujimu inneheld spor av industrial, tradisjonsmusikk, postpunk, elektronisk musikk, rap og den kongolesiske dansemusikksjangeren soukous. Rytmikken er kompleks, flytande og ultratight, melodiane mikrotonale, men medrivande. Stemninga er krigersk, ritualaktig og hypnotiserande, og lyttaropplevinga har eit nærast religiøst preg – opprivande, men i kontakt med røtene: oppløftande, men jordnær.
Musikkvideoen til låta «Kraut» (mogelegvis syner tittelen til den tyske krautrocken frå 70- og 80-talet) er ein forfriskande røff videocollage der psykedeliske, magiske materialsamanstillingar mot-
argumenterer det meste vi trur vi veit om tid og rom. Beltespenner blir til kjeveparti: Dei forunderlege kostyma er designa av Lady Aisha, og tradisjon, uniform, leik og avantgarde er laust, men saumlaust sydd saman.
Når eg ser videoen (og «Tikanga»-liveopptaket på YouTube frå 2020), er det som hjarte og sinn smeltar, grenser vert oppløyste, og fortid, framtid og notid går opp i ei høgare eining. Dette er rå og energisk musikk og passar saktens godt som forspel- eller etterfestmusikk i samband med den framifrå filmen Woman King, som har kinopremiere i Noreg i dag.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.