Korleis er det med oss?
Prislønt familiedrama har gode karakterar, men er vel amerikansk.
Framsyninga byr på gode rolleprestasjonar, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Lars Opstad
Oslo Nye / Centralteatret:
Stephen Karam:
The Humans
Omsett av Lars Berge
Regi: Bjarte Hjelmeland
Scenografi: Gjermund Andresen
Familierelasjonar er visst enno det mest aktuelle temaet på teateret. Ein tenker gjerne at det var Ibsen som fann på det, men heller ikkje han saug det frå eige bryst. Dei nyare angloamerikanske klassikarane har like fullt spunne vidare på Ibsen-formelen. Stykket The Humans har vunne fire Tony-prisar. Det er nyleg filmatisert. No har det hatt nordisk premiere på Centralteatret.
Vi ser klårt at dette er «mat» for gode skodespelarar. Dei grip òg om rollene med prisverdig attrå. Teatersjefen lovar (i programmet) eit «moderne drama a la Ibsen». Men Tony-ar eller ikkje, det ibsensk perfekte i form og innhald har The Humans ikkje.
Jau, det er tilløp til sprekt drama her, mange vittige dialogdisputtar ein kan kjenne seg att i. Eit godt vakse ektepar, ei dement farmor, to vaksne døtrer og ein svigerson, alle med skjelett i skåpet som delvis kjem opp til yta, alle får markert seg både individuelt og relativt. Men der ein ventar ei historie med forløysande innsikt, vert det ganske lenge gåande i loop. Og den semiabsurde slutten harmonerer dårleg med den TV-realistiske forma på stykket elles.
Aktørane held bra liv i det heile, ikkje minst når dei snakkar i munnen på kvarandre. Her har regissør Bjarte Hjelmeland dirigert med elegant taktstokk. At dette neppe blir like sensasjonelt som på Broadway, handlar nok òg om det kulturelt uramerikanske i miljø- og haldningsskildringane. På norsk verkar det stundevis så fjernt at det dreg mot parodi på det amerikanske. Og det er stykket neppe meint å vere.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel