JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kjelda var ikkje tørr

Paul Simon hadde meir musikk i seg likevel.

Paul Simon har late seg inspirere av salmen.

Foto: M Seliger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3550
20230519
3550
20230519

Rock

Paul Simon:

Seven Psalms

Sony

Kanskje går det an å seie at dei første strofene av Paul Simons fascinerande Seven Psalms, som er ute i dag, er ein refleksjon over religiøs biletbruk. «The Lord» legg fram motsetningsfulle førestillingar om det allmektige: Herren er eit andlet i atmosfæren, heiter det, eller eit måltid for dei fattige. Ei dør som står open for den som er framand, men også covid-19-viruset, eller havet som stig. Det er som om all von og all frykt får plass i dette eine biletet, i alle desse setningane som tek til med «The Lord is...»

Alt i éin jafs

Slik kan ein seie at musikken vi høyrer, er i tråd med den mest grunnleggjande definisjonen av sjangeren tittelen ber lovnad om: salmen. Går ein til etymologien, fører det greske opphavet – psalmos, song med strengespel – vidare til den mest basale tydinga, at det dreier seg om ein song med religiøst innhald. Og likevel liknar ikkje det vi høyrer på Seven Psalms, det vi høyrer i ei gudsteneste rundt om i norske kyrkjer.

Det gir kanskje best meining å tenkje på Seven Psalms som eit sjudelt verk, der kvart segment har ein tittel. Komposisjonen varer i 33 minutt, der innleiande «The Lord» på seks minutt er nøkkelsporet, før det eine fører deg vidare til det neste. Du skal ta til deg alt i éin jafs – etter prinsippet Karpe insisterte på med SAS Plus / SAS Pussy (2019), eller, for den del, Prince på Lovesexy (1988), den gongen artisten irriterte på seg folk med å berre ha eitt einaste spor på CD-plata. Det heile er sparsamt instrumentert, gjennomført akustisk. Viktigast er Simons gitarspel, og røysta hans, som held seg godt – det er ei røyst det ikkje går an å ta feil av, som det kjennest som ei uventa gåve å få høyre igjen.

Det vart først offentleg kjent at Simon hadde noko nytt på gang då Miracle and Wonder kom ut hausten 2021. Lydboka baud på lange samtalar artisten hadde hatt med Malcolm Gladwell og Bruce Headlam, og dei som tok seg tid til dei fem timane det redigerte utdraget varte, fekk høyre Simon setje seg ned med gitaren og dele noko han arbeidde med, men endå ikkje visste heilt kva var: «I haven’t figured out quite what it is yet. Oh, you know what, let me make coffee.» Melodien høyrer vi att no, med Seven Psalms.

Salmediktingsvri

Artisten fyller 83 denne hausten, og til Gladwell og Headlam fortalde han om korleis han etter Stranger to Stranger (2016) fann ut at han kjende seg ferdig med å spele inn ny musikk. Å lage ei plate tok han minst tre år, kanskje skulle han bruke meir av tida han hadde att til å reise? Slik vart det ikkje. Musikken som no kjem ut, trengde seg på, ubeden, med ein styrke som gjorde det uråd berre å pakke kofferten. Kanskje spela pandemien inn, også, spekulerer denne lyttaren.

Seven Psalms, altså, og det mindre enn eitt år etter ei Nick Cave-utgiving med same tittel. Kva er det som er så tiltrekkjande med å gjere ein eigen vri på salmediktinga? Spørsmålet krev eit større svar enn det er plass til her, men det verkar ikkje tilfeldig at artistar som Simon og Cave strekkjer seg etter noko som hymnene kan romme – kanskje ei form for dempa lovprising som botnar i undring og takksemd. «Nothing dies of too much love», syng Simon – og det held eg med han i.

Eg er glad kjelda ikkje var tørr. Seven Psalms vert ikkje ståande mellom Simons største utgivingar, men det er eit skikkeleg fint stykke musikk, som kjem til å ha ein spesiell plass i den rikhaldige katalogen.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis