Hjelp, vi er på toget!
Brad Pitt får ikkje full effekt av det komiske talentet sitt i ein frenetisk actionkomedie.
Brad Pitt i actionkomedien Bullet Train.
Foto: Filmweb
ACTIONKOMEDIE
Regi: David Leitch
Bullet Train
Med: Brad Pitt, Joey King, Aaron Taylor-Johnson, Brian Tyree Henry
Kinofilm
Ein munter kar med kodenamnet Ladybug (Pitt) går på eit tog i Tokyo. Oppgåva frå stemma i øyrepluggen er å hente ein stresskoffert. Etter sinnemeistringskurs er han ein fredsæl leigemordar som vil løyse konfliktar med diplomati. Det er til lite hjelp. Eit blodbad ventar.
Gladvald
Det haglar med tilbakeblikk og forklaringar på kven som er kven. Ein zensøkjande Brad Pitt i bøttehatt må snike til seg kofferten frå brørne Tangerine og Lemon (Taylor-Johnson og Henry), som freistar redde sonen til den mystiske skurken Kvitedauden. Samstundes truar den utspekulerte Prince (King) ein mann som vil hemne seg for at ho skubba sonen av eit tak. Fleire har makabre mål for togturen. Det er mykje å halde styr på.
Deadpool-regissøren David Leitch leikar med klisjear, anten dei er knytte til organisert kriminalitet i Mexico eller i Japan. Filmen omfamnar overdrivingar. Her ligg mykje av humoren. Sjølv smiler eg ikkje ofte nok, men det finst artige kommentarar og småvittig slapstick bakom blodspruten. Poenget er ikkje å leve seg inn i historia, men å ha det kjekt på vegen.
Pengegaloppen
Ein anar hint til Quentin Tarantino, tidleg Guy Ritchie, Snakes on a Plane og Train to Busan. Lokomotivet Thomas og vennene hans er vigde ein sentral plass. Dei spektakulært påkosta actionsekvensane er intense. Her er det gjort eit nitid arbeid for ein heisatur i kinosalen. Dei har hanka inn ei rekkje hitlåtar og tatt seg råd til Sandra Bullock, Ryan Reynolds og Michael Shannon i mikroroller.
Brad Pitt viste sist i Once Upon a Time in Hollywood at han har komisk teft, men få av påfunna her lokkar fram låtten. Brian Tyree Henry er ein fantastisk skodespelar, men ein merkar at folk frå USA slit med andre dialektar. Det har elles i mange år vore uråd å finansiere ein actionfilm i USA utan at ein skurk snakkar engelsk med russisk tulleaksent. Så òg her. Utan at humoren svingar, blir det høge tempoet i valdsorgien slitsamt. Det heile bleiknar mot ein smartare actionkomedie frå USA denne sommaren. Sjå Everything Everywhere All at Once før du hoppar på Bullet Train.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Janne Stigen Drangsholt er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavangar og har blant anna skrive fire romanar om Ingrid Winter.
Foto: Tommy Ellingsen
Smart underhaldning
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.
Foto: Bez
Det gode som han ville