Film
Heilt annleis og mykje mindre
Ambisiøst drama om utanforskap med Renate Reinsve lukkast delvis.
Edward (Sebastian Stan) har nevrofibromatose og mister motet då han blir avvist av forfattaren Ingrid (Renate Reinsve). Foto: Another World Entertainment
Foto: Another World Entertainment
Drama
Regi: Aaron
Schimberg
A Different Man
Med: Sebastian Stan, Renate Reinsve, Adam
Pearson
Kinofilm
Edward (Stan) drøymer om meir enn rolla si i
ein opplysningsfilm om folk med uvanlege andlet, altså til dømes slike som han,
som har nevrofibromatose. Han bur i ein sliten kåk i ei travel blokk i New York.
Den nye naboen Ingrid (Reinsve) frå Ålesund freistar skrive skodespel. Ho busar
fram med eit vinnande vesen og funderer på å bruke den blyge Edward som karakter.
Han på si side får tilbod om behandling som kan kome til å gjere han til ein
heilt annleis mann, med fjes likare dei andre.
Stilsprang
Syttitalet er i vinden som filmestetikk. Hjå Edward
dryp det frå taket. Sirenene ljomar, det regnar, folk i gangen gaukar. Ei rotte
dett ned. Fargetonane styrker kjensla av ein parodi på det harde syttitalet ein
kjenner frå Taxi Driver, sjølv om forteljinga er lagd til notid.
Filmen er ikkje eit meisterverk, men han har gode element.
Filmen
blir dels seld som komedie, utan at han lokkar fram lått hjå meg. Dramatisk
musikk og Ingrid som mogeleg femme fatale hintar til neo-noir. Nokre scener har
eit element av kroppsskrekk, noko som saman med jakta på merksemd og det vakre sender
tankane til The Substance av Coralie Fargeat. A Different Man kan
seiast å vere både meir kompleks og meir vaklande. Han startar fleire
trådar enn han samlar.
Sebastian Stan har hovudrolla i to nyare
filmar med same produksjonsdesign. Han er kjend for superheltfilmar, men har
brått fått respekt. Han spelte ein ung Donald Trump i The Apprentice, og
for rolla som Edward vann han både Sølvbjørn og Golden Globe.
Renate Reinsve
som Ingrid er god, men lyt lire av seg ei mengd konstruerte setningar. Kontrasten
er stor mellom den fåmælte Edward og alle dei andre snakkesalige. Ingrid har
ingen intimgrenser, og verkar fordomsfri. Han held att.
På eit tidspunkt kjem
Oswald (Pearson) inn i historia med same fysiske trekk som Edward, men med
bøtter av sjarm. Flott spelt av Adam Pearson lirar Oswald sjølvsikkert av seg
elegante frasar. Verda blir velta om.
Kroppsdebatt
Regissøren Aaron Schimberg har alltid
skodespelarar med uvanlege fjes i filmane sine. Adam Pearson hadde ei av
hovudrollene i Chained for Life frå 2019, som i likskap med A
Different Man handlar spesifikt om korleis sånne som han blir sett, og kva
representasjon dei har i film eller teater.
Kva vil ein fullstendig transformasjon
innebere? Kanskje ein mister noko med å jage etter det normale. Skal ein streve etter
det politisk korrekte eller følgje reptilhjernen? Kva ansvar har ein når ei
lite synleg gruppe skal vere med i ein film?
Filmen er ikkje eit meisterverk,
men han har gode element og er eit supert utgangspunkt for ei mengd
diskusjonar. Schimberg har noko å melde. Kanskje først og fremst at om ein forkastar
alt, sit ein att med mindre.
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur
og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.