Fugekunst
Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev.
Phantasm er eit gambeconsort.
Foto: Marco Borggreve
Standardinnspelinga
Johann Sebastian Bach:
Art of Fugue
Phantasm; diskantgambe og leiing: Laurence Dreyfus
Simax 1998
Strykekvartetten som besetnings- og komposisjonsform er eit barn av opplysingstida. Men barokken på 1600-talet hadde òg si form for fikst strykeensemble – ikkje med fiolininstrument (cello, bratsj og fiolin), men med gambar av ymse storleik.
Det me kort kallar gambe (eigentleg viola da gamba, «beinfele» på italiensk), er eit strykeinstrument med seks strenger og tverrband på gripebrettet (som på ein gitar). Dei store gambane held ein, som celloen, mellom beina. Men ulikt bratsjar og fiolinar gjeld dette også dei små gambane, som ein spelar vertikalt, stødde på fanget.
Eit reint gambeensemble kallar me gambeconsort. Slike har ein konsentrert og overtonerik klang, med linnare, meir duld lyd i det høge registeret enn strykekvartettar.
Øyreopnar
Eg kan knapt tenkja meg noko meir musikalsk sofistikert enn ein godt samspelt gambeconsort. Ensemblet Phantasm har kultivert den edle consortklangen sidan det blei stifta i 1994. For meg var debutalbumet med Henry Purcells Fantasias frå 1996 ein «øyreopnar» for gambemusikken. Sidan den tid har eg opplevd dei live fleire gonger, mellom anna under Festspillene i Bergen, og eg har freista å få med meg alle utgjevingane. (Nye album kom i 2020, i 2021, og i år; det siste blir omtala i denne spalta straks meldaren har fått det i hende.)
Den jamt høge kvaliteten på spelet deira gjennom snart 30 år imponerer. Leiaren Laurence Dreyfus har sytt for at ensemblet stadig utvidar repertoaret til også å omfatta musikk som eigentleg er mynta på andre instrument.
Fjorten fugar
Dreyfus er ein kompetent mann. I tillegg til å spela diskantgambe (den minste gambestorleiken) er han musikkvitskapsprofessor i Oxford og ein anerkjend Bach-forskar. Albumet med Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Die Kunst der Fuge, BWV 1080, kom i 1998. Denne syklusen med fjorten fugar og fire kanonar over eitt tema i forskjellige utformingar blei prenta året etter Bachs død.
Syklusen kan spelast på klaverinstrument. Men sidan dei (oftast) fire stemmene er noterte på kvart sitt notesystem – ikkje berre på to system, som er standarden i klavermusikken – er det ikkje eintydig kva for instrument Bach hadde i tankane. Kanskje han ikkje tenkte på noko spesielt instrument i det heile og oppfatta komposisjonen fyrst og fremst som ei samling eksempel på korleis ein kan nytta fugen som form?
Uansett: Det herlege med gambeconsorten som besetningsform er at einskildtrådane i den musikalske veven kjem så tydeleg fram. Den transparente klangen gjer Bachs kompliserte kontrapunktikk meir skjøneleg enn om me høyrer han på cembalo eller orgel. Gjennom differensiert dynamikk og artikulasjon greier Phantasm-musikarane å frasera melodiane songleg og å finslipa intonasjonen i dei vakre samklangane undervegs.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Nasjonalmuseet
Bakrus
Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.