Frå pensel til pistol
Ein av pistolane til Bjørgum. Teikninga finst i Voss museum.
Som kunstnar hadde Nils Bjørgum (1864–1949) solid skolering frå både München og Paris. På 1880-talet måla Bjørgum Vestlandet og menneske derifrå i ein tidstypisk naturalistisk stil, bilete han fleire gonger fekk med i den juryerte kunstmønstringa som vart oppretta i 1882, som vi i dag kjenner som Haustutstillinga.
På slutten av 1890-åra vende han interessa mot våpen. Etter at han sende fleire søknader til Stortinget, vart det i 1905 løyvt store pengesummar til Bjørgum for å framstille ein pistol for Forsvaret. Kvifor satsa Stortinget på ein kunstmålar utan teknisk utdanning og bakgrunn? Dette må truleg forståast ut frå den nasjonale sjølvkjensla og ønsket om å få ein norsk pistol til Forsvaret.
I heile 25 år skulle han arbeide trottug med oppfinningane sine. Det vart eit fruktlaust slit. Prototypane vart testa ut av Hæren, kvar gong fann dei graverande feil. Til slutt gav han opp og flytta heim att til Voss for å blåse støv av kunstnarkarrieren. Men no var smaken ein annan. Han hadde ikkje følgt med på den blomstrande, hektiske utviklinga kunsten hadde gjennomgått all denne tida, og vart sett på som avleggs.
Han heldt likevel fram med å måle heilt til krigen sette eit brutalt punktum også for målinga. Mange måleri og det meste av eigedom gjekk tapt då tyskarane bomba Voss i april 1940. Sjokket etter den skakande hendinga prega dei siste åra av livet hans.
Det finst svært lite materiale etter våpenproduksjonen hans. Denne teikninga er eit sjeldan unnatak. Det kan synast som våpeninteressa kvelte kunstnaren i han. Det er tankevekkande at han som viser så god formsans i måleria sine, laga ein pistol som er blotta for estetiske trekk.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Einsidig om seinfølger
Risikoen for seinfølger etter covid-19 har falle dramatisk, og det er ikkje grunn til å tru at han aukar med gjentatte infeksjonar
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Ameline med den fyrstefødde, Symra, i 2018.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-kua Ameline er daud
Ein morgon i mars låg Ameline daud i fjøset til Hilde og Lars Selheim på Voss.
Kjønnsfilosof Judith Butler
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Feltnotat frå kulturkrigane
Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt.
Klagemodus
Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?