Filmar som nesten får det til
Film frå Sør oppsummerer festivalfilmåret med tematisk breidde og varierande kvalitet.
Daniela Vega speler fantastisk kvinne i årets chilenske Sølvbjørnen-vinnar.
Film frå Sør kjem tradisjonen tru på tampen av eit langt filmår. Det betyr at mange av filmane alt har «buzz» frå andre festivalar, med dertil prisar og akkumulerte forventningar.
Ein av filmane frå sør med både medvind og prisar i segla, er det chilenske dramaet En fantastisk kvinne, som mellom anna vann Sølvbjørnen for beste manus under Berlinalen. Verd å leggje merke til er den sterke europeiske forankringa. Tyske Komplizen Film, som står bak arthousemeisterverket Min pappa Toni Erdmann, er med som produsentar. Og den kunstferdige estetikken gjennomsyrer En fantastisk kvinne. Her er vakre bilde og fargerike tablåscener, som gjer det freistande å dra parallellar til den spanske filmnestoren Pedro Almodóvar. Ein meir openberr Almodóvar-link, er transvestittematikken. Filmen spinn rundt Marina som blir fabelaktig spelt av transpersonen Daniela Vega, og er ei historie om både kjærleik og sorg. Etter at kjærasten, den langt eldre mannen Orlando (Reyes), dør, vender regissør Sebastian Lélio blikket mot den vanskelege sorgprosessen Marina møter. Først og fremst frå den forferdelege familien til Orlando, som behandlar henne på nedrig vis. Det er ein god film, som likevel har eit eller anna uforløyst ved seg.
Vondskap
Der Lelio omfamnar det vakre og poetiske, utforskar den mexicanske filmskaparen Michel Franco ubehaget og vondskapen. April’s Daughter, som vann juryprisen i sideprogrammet i Cannes, er på mange måtar også ein europeisk film i måten han stilistisk nikkar til for eksempel Haneke og Polanski. Franco viser heile vegen vondskapen på ei armlengds avstand. Her i form av ei mor frå helvete: Når April (Emma Suarez) trer inn i historia for å hjelpe den gravide tenåringsdottera Valeria, begynner vi gradvis å forstå kvifor Valeria i utgangspunktet ikkje ville ha hjelp frå mora. Samanlikna med Lélio og En fantastisk kvinne er Franco ikkje så mykje interessert i karakterstudium og kvifor karakterane handlar som dei gjer. Sånn sett held April fram med å vere ei gåte gjennom filmen, og eg saknar ei meir moralsk utforsking av henne. April må på ingen måte må stå til ansvar for det ho har gjort.
Ansvar
Ansvar er derimot sjølve berebjelken i det kaldblodige rettssalsdramaet The Third Murder, den ferskaste filmen til japanske Hirokazu Kore-eda. I første scene ser vi ein mann slå i hel det som viser seg å vere sjefen hans. Drapsmannen Misumi (Kôji Yakusho) har alt sona 30 år for drapet på to personar. Han tilstår glatt det tredje mordet og får tildelt ein forsvarar, Shigemori (Masaharu Fukuyama), som skal prøve å få han unna galgen. Det som så speler seg ut, er ein langsamt, oppbyggjande thriller der motiv, forklaringar og trådar går i sprikande retningar før det heile endar i retten. Dessverre er slutten det minst interessante med filmen, som likevel har sine kvalitetar, både i skodespel og filmspråk. The Third Murder får deg til å tvile på kva som er sant, og dessverre også på korleis filmen nøstar opp alle trådane.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er skribent
og student.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

En fantastisk kvinne er ein god film som likevel har eit eller anna uforløyst ved seg.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.