JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Sveve over Budapest

Overnaturlege element flettar seg saman med flyktningkritikk – og ein heil del anna – i Jupiters måne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arjan kan flyge.

Arjan kan flyge.

Foto: Tour de Force

Arjan kan flyge.

Arjan kan flyge.

Foto: Tour de Force

1761
20171110
1761
20171110

Drama

Regi: Kornél Mundruczó

Jupiters måne

Zsombor Jéger, György Cserhalmi, Merab Ninidze

Det står ikkje på ambisjonsnivået i Jupiters måne, ei visuell bragd av ein film, som også tar opp i seg tema som religion, politikk og overjordiske fenomen. Scena der eit husvære blir vendt 360 grader rundt, medan hovudpersonen Arjan (Jéger) kontrollerer tyngdekrafta, er nok til å ta pusten frå deg. I løpet av filmen er det fleire slike ta-pusten-frå-deg-scener, der kameraarbeid og estetiske visjonar går opp i ei høgare eining – bokstaveleg tala. Arjan kan nemleg flyge. Dette overnaturlege aspektet flettar seg saman med ei sosialrealistisk skildring av livet som flyktning i Europa i dag.

Kort fortald graviterer historia rundt ein flyktning, Arjan, som blir skoten og tilsynelatande drepen av ein ungarsk politimann. Men Arjan døyr ikkje av skota; snarare stig han til vêrs. Ein himmelfallen lege, doktor Stern (Cserhalmi), ser sitt snitt til å kapitalisere på Arjan og ber han om å bli med på pasientvitjingar. Her fungerer Arjan som ein slags (døds)engel, ein som kan bestemme over liv og død.

Undervegs tar dessverre regissør Kornél Mundruczó ein del slappe regigrep, som går på kostnad av den gode historia. Heller enn å byggje opp under Arjans etter kvart sterke relasjon til legen, dreg han inn så mange element at heile forteljinga blir rotete. Terroråtaket på t-bana er eit sidespor, samtidig som Mundruczó openbert vil seie noko om den humanitære stoda i Europa. Jupiters måne vil store ting i både tematikk, tone og estetikk. Men eit vakkert svev krev også ei stødig landing.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er skribent
og student.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis