JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Overdriven misere

Ein tematisk viktig storfilm treng ikkje bety stor film.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Som flyktning kjem Frans (Bungué) seg til Berlin, men han innser at det er vanskeleg å vera lovlydig.

Foto: Stephanie Kulbach / Norsk Filmdistribusjon

2449
20210226
2449
20210226

Drama

Regi: Burhan Qurbani

Berlin Alexanderplatz

Med: Welket Bungué, Albrecht Schuch, Jella Haase
Kinofilm

Framtida verkar som ein lys plass då den afrikanske flyktningen Frans (Bungué) vert skylt i land i Europa og tek seg til Berlin for å starta eit nytt og betre liv. Men når ein alt har levd på kant med loven, skal det ikkje meir enn ein skikkeleg skurk som Reinhold (Schuch) til for å bryta med alle edle intensjonar ein hadde då ein fekk den berømte andre sjansen.

Flukt og avsky

Eg har verken sett den lange TV-serien regissert av Rainer Werner Fassbinder i 1980 eller lese boka med same tittel av Alfred Döblin frå 1929. Men dei ser begge ut til å vera omfangsrike, dystre og fulle av håpløyse, akkurat som filmatiseringa som no omsider er klar for kinopremiere.

Ulovleg innvandring, illegale arbeidarar og utanlandske doplangarar er tidsriktige nemnarar som aktualiserer romanen. Og dei små pusta av håp innimellom vert ei fattig trøyst mot alt elendet ein skal gjennom som sjåar til dette tre timar lange eposet.

Filmen er på mange måtar spektakulær, med store tablå med mange menneske og eit storslege lydspor. Og så stoppar det med det sjåverdige for min del. Eg står i kryssingspunktet mellom keisemd og forarging og ei grunnleggande guffen kjensle som varar ved. Denne kjensla kjem dels av tankane på urettferda som går føre seg i den vestlege verda, men òg av at filmskaparen Burhan Qurbani har valt så opplagde grep for å vekkja avsky.

Murphys film

Særleg Albrecht Schuch i rolla som erkeslemmingen Reinhold kunne vore tona ned fleire hakk, i staden for sjablongen av den parodiske psykopaten me no treffer på. Det er klart det er forstemmande, alt det fæle som Frans må gå gjennom, og som Reinhold utset han for, men det blir som ein einaste lang Murphys lov-film, der alt som kan gå gale, går gale – utan at eg eingong trur på det.

Kva skulle då vera vitsen om ein prøver seg på sosialrealisme i storfilmformat? Ein påkosta klagesong utan anna slagkraft enn det eg kan framkalla av empati fordi eg som sagt veit at livet slik Frans opplever det, sannsynlegvis ikkje er så langt frå den sosiale realiteten.

Dei mange fæle, deprimerande møta med den kriminelle underverda gjer at Berlin Alexanderplatz kjennest som ein film eg har sett før, berre at gjensynsgleda uteblir.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis