Lagnadstung underhaldning om gudar og grøne menn
Thor: Ragnarok varslar at enden er nær, men ikkje for Marvel-universet.
Ingenting er heilagt så lenge det blir god underhaldning.
Foto: The Walt Disney Company Nordic
Fantasy
Regi: Taika Waititi
Thor: Ragnarok
Med Chris Hemsworth, Tom Hiddleston, Cate Blanchett
La det vere sagt: Thor: Ragnarok er ein film som tar seg store fridomar med den norrøne forteljinga om Ragnarok – «oppgjeret til gudane» som endar med at verda går under og ein kan stige opp. Førebu deg derfor på å svelgje eit par kamelar og akseptere at arvesøvlet i nordisk kulturhistorie har gått gjennom Hollywood-kverna.
Dette er ein Marvel-film, meir spesifikt ein Thor-film. Thor-karakteren (Hemsworth) har gått att i fleire Marvel-historier no, der to har vore hans eigne: Thor (2011) og Thor: The Dark World (2013). Ein premiss for at alt dette skal fungere, er at ingenting er heilagt, så lenge det blir god underhaldning. Dette betyr mellom anna at figurar frå ulike univers smeltar saman i jakta på det gode eventyret.
I Thor: Ragnarok tar for eksempel Hulken (Ruffalo) opp kampen mot Fenrisulven. Romskip vakar over Åsgård (eller Asgard, som det heiter så fint her) og gir ammunisjon til Thor som for det meste må klare seg utan hammaren.
Thors lagnad i denne filmen er nemleg å vere stranda på planeten Sakaar, der han er i fangenskapet til ein gal herskar som kallar seg Grandmaster (Goldblum). Før han kan prøve å stoppe Hel (Blanchet) og Ragnarok, må han derfor kjempe seg ut av lenker og soldatar. Og bakom lurer Loke (Hiddlestone), som både nemesis og våpendragar.
Ein Marvel-film kokar ned til visse parameter: Er det god underhaldning? Ja. Er skurkane karismatiske og slemme nok? Ja. Ler du av vitsane og karakterane? Ja. Dette er ikkje stor filmkunst, men som fartsfylt actionunderhaldning gjer Thor: Ragnarok jobben. Og banar veg for at ei ny Marvel-verd kan stige opp.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er
skribent og student.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.