JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Flinkisfilm frå filmskulen

Kometen er absolutt ein sjåverdig film sjølv om han manglar det vesle ekstra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
stronomen og UFO-forskar Bill (Langhelle) og Gustav (Bøum) ventar på at far til Gustav skal koma att.

Foto: SF Studios

3128
20171208
3128
20171208

Drama

Regi: Bård Røssevold

Kometen

Med: Axel Bøyum, Theresa Frostad Eggesbø, Jørgen Langhelle, Cecilie Mosli

Far og son går i skogen då ei lyskjegle brått bryt gjennom trea. På få sekundar forsvinn faren – for godt. Ti år seinare bur sonen, Gustav (Bøyum), framleis på motellet mora (Mosli) driv, og han har aldri gjeve opp draumen om at faren skal koma attende. Ifølge astronomen og UFO-forskar Bill (Langhelle) skal dette skje på tiårsdagen etter at han vart borte. Og så, som kometregn frå himmelen, dukkar Charlotte (Eggesbø) opp og røskar i tilvêret og illusjonane til Gustav. Det er tid for realitetsorientering.

Studentfilm

Ein skal gå til kinosalen med ope sinn, men når Kometen hovudsakleg vert promovert som fyrste film produsert av masterstudentane ved Den norske filmskolen på Lillehammer, blir det til at dette ligg i bakhovudet. Verkar filmen amatørmessig? Skulefilmaktig? Nei, det synest eg ikkje. Den duse filminga fangar detaljar og stemningar like godt som mange andre, proffe produksjonar. Skodespelet står ikkje tilbake på nokon måte – så er det altså ikkje nybyrjarar som står for denne delen. Det gjer heller ikkje dialogen. Oppbygginga er fin: Idet du trur det er for enkelt, vrir handlinga seg.

Så då har vel studentane laga eit meisterverk, då?

M +

Som i alle kreative utfaldingar er det ikkje alltid lett å setja fingeren på kva som skil god kunst frå stor kunst. Å følgja boka har sjeldan ført til opplevingar utanom det vanlege, nettopp fordi det dermed ikkje oppstår noko uvanleg. Ein konsert med gjennomflinke musikarar treng ikkje gripa ein på langt nær slik ein rufsete gatemusikar heilt frå det blå kan.

Den enklaste forklaringa på kvifor eg ikkje vert vidare rørt eller medriven av Kometen, ligg godt mogleg i at handverket er bra gjennomført, men at filmen manglar nerve. Historia er heller ikkje den mest originale, sjølv med element frå det ytre rommet. Far–son-problematikk går sjølvsagt aldri av moten, men det er ein klisjé som ikkje nødvendigvis gjer seg så godt på film. Det verkar noko uinspirert, eller nok ein gong oppskriftsmessig.

The future cometh

Det finst likevel mange gode grunnar til å setja av eit besøk på kinoen for Kometen. Det er rimeleg sannsynleg at namna i rulleteksten kjem til å forma framtidig norsk film. Om dette ikkje er god nok grunn, og det er det sjølvsagt strengt tala ikkje for dei fleste, er Kometen ein levande, drivande film med gode skodespelarar og finurlege tvistar. Det er berre ikkje ein slik epokegjerande film som du seint vil gløyma. Men av alt som vert sett opp på kino, kor mange filmar kan du seia det om? Summen av alle dei flinke delane som utgjer Kometen, blir til saman både god underhaldning og eit velkome tilskot til ei førjulstid prega av superheltar på plankekøyring.

Å seia at det kjem meir bra frå Røsseland og kompani i framtida, er langt frå science fiction.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det finst likevel gode grunnar til å setja av eit besøk på kinoen for Kometen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis