JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Borgarskapsdame møter arbeidarklassemann utan at kjemien eller historia er der.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Overklassekvinna Emily (Diane Keaton) frå Hampstead møter Donald (Brendan Gleeson), som bur i eit skur.

Foto: Nick Wall / Norsk Filmdistribusjon

1656
20170818
1656
20170818

ROMANTISK DRAMA

Regi: Joel Hopkins

Hjemme i Hampstead

Med: Diane Keaton, Brendan Gleeson

Amerikanske Emily (Diane Keaton) lever eit trygt, men eindimensjonalt liv blant overklassen i Londons prangande nabolag Hampstead. Ho er også i økonomisk knipe, viser det seg, men dette hindrar henne ikkje i å gå på dyre restaurantar og kjøpe nye hovudplagg.

Emilys økonomi er dessverre ikkje den einaste logiske bresten i Hjemme i Hampstead. At Emily fell for den ureinslege Donald (Brendan Gleeson), ein særing som bur i eit sjølvlaga skur, blir meir og meir uforståeleg utover i handlinga.

Hjemme i Hampstead er altså eit romantisk drama, men utan sjarmen, humoren og skodespelet som kan løfte slike filmar. Kjemien mellom Keaton og Gleeson er påtrengd og kunstig. Det er skuffande, all den tid dette er to solide skodespelarar som burde fungere som turtelduer på film. Det er trist, sidan Diane Keaton har gjort roller som dette med langt større bravur tidlegare: Tankane går umiddelbart til Something’s Gotta Give, der ho og Jack Nicholson utstråla ein kjemi, varme og sensibilitet vi ikkje ser her. Eller åra med Woody Allen, for den del.

Undervegs har filmen også eit visst stikk til profittsugne eigedomsutviklarar og Londons stadig meir urimelege bustadmarknad. Han har også ein viss solidaritet med Donald og dei svake i samfunnet. Men sjølv om rettferda sigrar for helten vår, er Hjemme i Hampstead dessverre lettare å gløyme enn (klasse)tematikken og den sosiale urettvisa filmen berre så vidt rører ved.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er kulturjournalist
og sosiologistudent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis