JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Barne­bragder

Nyansar gjev ein spennande, litt stivbeint barnefilm frå krigen livets rett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då eit syskenpar finn to jødiske barn i kjellaren under andre verdskrigen, vil dei hjelpe dei over svenskegrensa.

Foto:

1859
20200214
1859
20200214

FAMILIEFILM / KRIGSFILM

Regi: Johanne Helgeland

Flukten over grensen

Med: Anna Sofie Skarholt, Bo Lindquist-Ellingsen

Gerda (Skarholt) er ein fantasifull tiåring med hjarte på rette staden, som leikar musketer medan broren (Lindquist-Ellingsen) leflar med den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Ho er ikkje imponert. Då foreldra blir tekne av politiet, finn syskena to jødiske barn i kjellaren. Gerda vil gje alt for å hjelpe dei to til Sverige.

Den norske appetitten på filmar om Krigen med stor K er endelaus, i sterk kontrast til refleksjonsnivået som plar prege produksjonane våre. Eg møter ofte nye bidrag med surmaga skepsis. Difor er det til glede når ein konvensjonell og likefram film som er tilpassa smårollingar, maktar å få fram nokre nyansar som set Max Manus og Den 12. mann i skuggen. Det skal ikkje mykje til. Ein NS-nysgjerrig gut kan ha noko godt i seg. Ein tysk soldat kan vere vennleg innstilt til å la barn vere i fred. Mot og svik kan skjule seg i både barn og gamle damer.

Noko av frykta for ein norsk krigsfilm med NFI-stempel er på sin plass. Dialogen er stundom stivbeint, trass i at suksessforfølgde Maja Lunde er med på manus, men stilen skjemmer ikkje opplevinga noko særleg. Flukten over grensen er ein solid og stor produksjon med spenning. Så er det vel verdt det med endå ein runde for borna, så lenge ein med enkle grep får fram at verda ikkje er svartkvit, sjølv om ein skal skilje rett frå gale. Rasisme trugar semittiske folk i Europa i dag, anten dei er jødiske eller arabiske. Då kan dei unge trenge ein tilgjengeleg, nervepirrande og nyansert historietime med heltar på eigen alder.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis