JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

🎧 Mektig mareritt

Monos er ei stor filmoppleving. Ikkje spar denne totalpakken til sofakroken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4198
20200214
4198
20200214

Lytt til artikkelen:

THRILLER/DRAMA

Regi: Alejandro Landes

Monos

Med: Sofia Buenaventura, Julián Giraldo, Karen Quintero,  Julianne Nicholson

I forblåste colombianske fjell held ein gjeng ungdommar til som geriljasoldatar med ansvar for eit gissel frå USA. Ein dag kjem ein overordna frå Organisasjonen innom med kua Shakira, som dei skal passe på. Hard trening er blanda med både kreativ og brutal leik. Konflikten kan kome kva tid som helst. Ein kan forvente vold.

Rambo

Monos er stilisert og storslagen. Stadane dei har filma er spektakulære. Fjella med brutale betongkonstruksjonar er majestetiske. Frodig regnskog og elvar i stri straum gjev tett og klam klaustrofobisk desorientering. Fargetonane er til å nyte, anten det er grove gråtonar og gul mose eller eirgrøne blad. Mørke og kaldt ljos vekslar. Kamera trekk ut for overblikk og distanse eller heilt tett på andleta. Militær kroppsøving er koreografert så dei minner om dans, à la Beau travail av Claire Denis.

Rollebesetninga er slåande god. Kvart eit andlet, kvar ein kropp er uendeleg uttrykksfulle. Dei aller fleste er ferskingar, men dei gjer rollene strålande sårbare. Namna Rambo, Lady, Boom-boom, Ulven og Smurfen grensar mellom anonymiseringa av geriljasoldatar og barnleg leik med filmreferansar. Fyller du femten år får du femten piskeslag. Ikkje nett det ei quinceañera drøymer om. Ingen blondekjolar er å sjå, men kjønn finst mellom konvensjon og fridom. Kostyma og andre attributt gjer sitt til eit fantasifullt uttrykk som skrir over grenser òg med tanke på sjanger. Dei heile er eit eventyr, ein fabel eller eit mareritt med røter i ei røynd som er rå og uroande, ute av verda.

Boom-boom

Lydbiletet er formidabelt. Viss du ikkje har hørt om Mica Levi må du notera deg namnet. Ho skapte djup uro med musikken sin i Under the Skin av Jonathan Glazer og blei nominert til Oscar for elegant, triste tonar i Jackie av Pablo Larraín. Monos har den mektigaste filmmusikken ho har laga så langt. Leiken og mørket spelar mot kvarandre. Spekteret spenner mellom forstyrrande plystring, episke fløyter, dystopiske synthesizerar og drønnande mørk perkusjon. Historiske hint til lyden av episke Popol-Vuh til Aguirre – Guds vrede verkar vake under.

Vakre taparar

Heilskapen er hypnotisk. Eg sitra av spenning gjennom filmen. Ein får sympati for heile gjengen, sjølv om dei gjer rotne ting. Svik og splid har brakt referansar til Fluenes herre. Monos har mykje å melde, men geriljagruppa verkar å ha gløymd ideologien sin. Ingen kjem ut som vinnarar i ein slik borgarkrig. Filmen er ei emosjonell påkjenning som riv i hjarta utan å vere sentimental eller melodramatisk. Ei mengd augneblinkar er høgst minneverdige. Regissøren Alejandro Landes har laga eit vakkert og smart verk. Han viser stor kjærleik til film som kunstart så vel som til dei mange som tapar i konflikten som har herja i Colombia i seksti år, og på mange måtar held fram etter fredsprisen. Denne filmen må du sjå på kino.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid

Filmfjes

(bilete av Vincent Cassel)

Vincent Cassel er ein ringrev i fransk film. Han gjer ei skikkeleg sterk rolle i premiereklare De usedvanlige, der han hastar rundt under kipaen sin for å hjelpe folk med dryge gradar av autisme. Regissørane Olivier Nakache og Éric Toledano gjorde det stort med De urørlige. No kjenst det litt som om dei hoppar etter Wirkola, sidan uhandterlige born blei så flott skildra av Nora Fingscheidt i Systemsprenger. Duoen er meir romantisk og melodramatisk i stilen, men Cassel og gjengen løftar filmen.

H.T.

Sjå på nett no

(YouTube)

Colombianarane har i sanning fått dreis på episk film. I fjor var Birds of Passage av Cristina Gallego og Ciro Guerra ein av filmane som skilte seg ut ved å vere visuelt storslagen. Du burde altså ha sett han på kino. Svikta planlegginga finn du trøyst i at YouTube har byrja leie ut filmar på nett. Bergenske Mer Film var medprodusent og distributør av eposet, slik dei var på to av dei tre latinamerikanske filmane på kino i fjor. God utteljing.

H.T.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis