Film
Familiehistorier
Mange filmskaparar skodar bakover i tid eller inn i familien på filmfestivalen i Cannes i år.
Regissør Jafar Panahi kritiserer det iranske styresettet skarpare enn vanleg i den nyaste filmen sin.
Foto: Filmfestivalen i Cannes
Joachim Trier har igjen film i hovudprogrammet på den viktigaste filmfestivalen i verda. Renate Reinsve vann pris for beste skodespelar sist for Verdens verste menneske. Affeksjonsverdi har premiere etter at filmsidene går i trykken.
Rykta på Croisetten er at han treffer igjen. Bergensprodusent Maria Ekerhovd har fått både svenskar, danskar, tyskarar, britar og jamvel skodespelaren Elle Fanning frå USA med på laget. Filmen er eit portrett av ein familie.
Slekters gang
I japanske Brand New Landscape av Yuiga Danzuka forlèt ein far familien sin for å fokusere på karrieren som arkitekt. Det vakre dramaet skildrar korleis familien og byen endrar seg. Kokuho av koreansk-japanske Sang-il Lee er eit episk melodrama på tre timar. Filmen hyllar det tradisjonelt familiedrivne kabukiteateret og set talent opp mot slektsband i visuelt storslått stil.
The Mysterious Gaze of the Flamingo av Diego Céspedes frå Chile har ein frisk vri på familie i ein neowestern der ein heim full av transfolk fungerer som bar og underhaldning for gruvearbeidarar. Filmen er både morosam og sterk, med herlege karakterar.
Mascha Schilinski frå Tyskland har laga ein av dei beste filmane på festivalen med Sound of Falling, som følger ein familie gjennom fire generasjonar med kvinner over eit hundreår. Schilinski viser eit unikt talent. Ho viser skyhøge visuelle og narrative ambisjonar med sjølvsikre, vellukka regigrep.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.