Film

Filmriket

Det kinesiske geniet Bi Gan hyllar filmhistoria med eit storarta ambisiøst epos.

Filmen utspelar seg i ei framtid då menneske kan leve evig, men har mist evna til å drøyme. Vi følgjer såkalla fantasmar som klamrar seg fast i draumeverda.
Publisert Sist oppdatert

Skapningane «fantasmar» drøymer når menneskeslekta har slutta med slikt. Slik oppnår dei evig liv med bruk av det gløymde språket til filmkunsten. Film høyrer til fortida, men kan halde liv i dei som tør.

Storesøster ser alt og leiar ein fantasm gjennom tidlegare liv med film. Gjenfødelse har seks delar. Dei spring gjennom filmhistoria. Samstundes siktar sekvensane til sansane buddhismen viser til. Vi får litt av ei reise med vår aparte helt.

Hurra for historia

Filmskaparen Bi Gan står for ein idérikdom av dei sjeldne. Den førre filmen hans blei vist på mange festivalar med den engelske tittelen Long Day’s Journey Into Night, og var ei makelaus oppleving der ein måtte ta på seg 3D-briller halvvegs i filmen. Eg synest først det verka som ein fiks gimmick, men det viste seg å vere den beste bruken av 3D sidan femtitalet. No satsar den massivt ambisiøse regissøren større. Bi Gan innfrir høge forventingar.

I byrjinga ser eg trekk frå tidlege franske pionerar som Lumière og Méliès, men òg frå Nosferatu (1922) av Murnau og annan tysk ekspresjonisme, før ein elegant overgang sender oss mot film noir. Frå dokke- og skuggeteater i ei opiumsbule til neonljos og karaoke i overgangen til år 2000 er det ei framifrå filmferd.

I siste sekvens kjennest det som om vi er i eit landskap mellom gangsterfilmar frå Hongkong på 1990-talet med romantikk frå Wong Kar-wai. Ei mengd referansar til kinesisk filmhistorie flyg nok over hovudet mitt, der eg leitar etter det eg kjenner av stjerneregissørar frå den såkalla femte generasjonen, som Chen Kaige og Zhang Yimou. Det er i det heile mykje eg ikkje forstår, sjølv om eg har sett filmen to gonger. Det gjer ingenting. Eg nyt det i to timar og førti minutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement