Film
Borgli light
Bryllaupet frå helvete kunne vore endå jævligare.
Robert Pattinson og Zendaya spelar hovudrollene i den mørke romantiske komedien til Kristoffer Borgli.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Etter ein toårig stormande romanse skal Charlie (Pattinson) gifta seg med draumedama si, Emma (Zendaya). Ein kveld sit dei og forlovarane Rachel (Haim) og Mike (Athie) og testar ut bryllaupslokalet, drikk vin og deler dei verste gjerningane sine frå fortida.
Då Emma fortel at ho var på nippet til å utføra ei skuleskyting, snur stemninga. Skikkeleg.
Zenday-JA
Meet cute heiter det på amerikansk filmspråk når ein ser fyrste møtet mellom dei to som skal bli turtelduer. Med null førekunnskap er scena mellom Charlie og Emma på ein kafé der han ser ho for fyrste gong og klønete sjekkar ho opp, ganske så ubehageleg. Eg lurte fyrst på om det skulle skje noko fælt, om Charlie eigentleg var ein ekkel einstøing som kom til å dra fram ein gønnar og plaffa alle ned. Eg reknar med at det var tilsikta, for ubehaget heng ved sjølv om det tek ei søt vending.
Men verre skal det bli. Som i regissør Kristoffer Borgli sine tidlegare filmar så skal det ikkje vera heilt klart kor grensene går. Ein kan likevel seia at The Drama må vera hans mest «normale» film, sidan det er lite kroppsskrekk som til dømes i Syk pike (2022) eller marerittaktige sekvensar som i Dream Scenario (2023). Det taklar Borgli bra, særleg med draghjelp av solide skodespelarar som Robert Pattinson og Zendaya. Sistnemnde stig ut av superstjerne-/ungdomsrollene eg forbind ho med, og ned på jorda, og ho står verkeleg fram som ein moden rolletolkar med stort register.
Liten streit
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.