JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit minnesmerke over dei gamle mødrene

Helge Torvund tek oss med attende til tida «før det vart for mykje av alt», og spelar fram eit hjarte­varmt bilete av mor si, Inger Torvund.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Helge Torvund har skrive bok til mor si.

Foto: Lise Åserud / NTB

3333
20221125
3333
20221125

Dikt

Helge Torvund:

Til mor

Jæren forlag

«Vel, mor, dette hadde me aldri sett for oss kunne skje. Her sit eg heilt aleine inne i skobutikken. Her er ingen andre kundar, og eg sit her med ein kald, skummande halvliter godt, lokalt øl framfor meg. Eg ser utover torget og tenkjer på kor underleg det kan gå til i denne verda.»

Det er den heimkomne poeten Helge Torvund som sit på pub på Nærbø, i eit lokale der gamle Gunhild Øvestad dreiv skobutikk i vår felles ungdom. Eg er to år eldre enn poeten, frå same himmelstrok og kommune, og eg deler heilt den undringa som kjem til uttrykk ved ølglaset, og som han deler med mora – ho døydde for over førti år sidan.

Ei gåve til nynorsken

Til mor heiter boka han no har skrive om henne, formelt på prosa, men hjå Torvund vert også prosaen oftast poesi. Han er ein ekte diktar, ei gåve til nynorsken. Kvar setning er laga frå botnen av, kvart ord dirrar – oftast lågmælt og audmjukt – frå ein usynleg streng, der ingen falske tonar kling, ingen som ikkje er i samklang med hans skarpsynte og kjenslevare diktarsjel.

Han tek oss med attende til tida «før det vart for mykje av alt», og spelar fram eit hjartevarmt bilete av mora, Inger Torvund, som døydde 61 år gamal i 1979, då diktaren var berre 28 år. Ho var mor til fire søner, frå ei tid då me tykte om norske namn: Olav, Gunnar, Helge og Kjell, som alle var «hamslege» i kleda og skikka seg vel.

Me er vel den siste generasjonen der alle hadde slike mødrer, som «mata oss og kledde oss og heldt om oss/ Reiste oss opp når me fall/ Las for oss og fortalde eventyr til hjarta vårt/ slik at me skulle halda ut/ mørkna i skogen og elva som fløymde over om hausten/ Sovna sjølv over halvferdig handarbeid/ Nålauga nattlukka av trøyttleik/ Snubla i seng halvt inne i draumeland/ Fylte av kvardagskjærleiken sitt slit og si glede».

Ei tid som er forbi

Dei laga all maten frå botnen av, mødrene våre, dei strikka og sydde, stoppa sokkar og broderte dukar; måndagane vaska dei klede, dei hadde potteplanter i urner i vindaugskarmen og rulleklemmer i håret – poeten kallar attende ei tid som er forbi, og sjølv om det sikkert ikkje er slik for han, som nok er meir på parti med moderniteten enn eg, psykolog som han er, er det som ein undertone av protestsong i tekstane: Korleis kunne slike mødrer verta avleggs?

Dei unge i dag har all grunn til å misunna oss vår barndom og oppvekst med desse utdaterte mødrene, som etter dagsens ideologi til og med var undertrykte, der dei sat og laga basargevinstar til Saniteten og samlast i muntre damelag og fekk seg tupper-skåler til å lagra maten i og hadde hoftehaldarar under kjolen.

«Me sat ved det store stovevindauget, og det var mørkt ute. Stjernehimmelen stod over husa og markene mot den gamle kyrkja, som jo ikkje vart kalla gammal då. Og me såg begge ut. Og så sa du, stillferdig, at det hendte at du, når du sat slik og kikka opp på verdsrommet, lurte på kva me eigentleg gjorde her nede, kva me skulle her.»

Kjell Arild Pollestad

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk pater i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar setning er laga frå botnen av, kvart ord dirrar – oftast lågmælt og audmjukt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis