Du er ikkje på eiga hand
På det nye albumet sitt tematiserer Lera Lynn fødselsdepresjon.
Lera Lynn vart mor idet pandemien sette inn, og den livsomveltande hendinga førte henne inn i ein depresjon.
Foto: Leralynn.com
Rock
Lera Lynn:
Something More Than Love
Icons Creating Evil Art
Enkelte livsendringar er så store at det nesten ikkje er til å unngå at dei får noko brått over seg, kor gradvise dei enn er. Kjensla er skildra presist i songen «What is this body?», der kroppen ikkje lenger er til å kjenne att. «Is it even you?», syng Lera Lynn på Something More Than Love.
Depresjon
Lynn vart mor idet pandemien sette inn, og opplevde at denne livsomveltande hendinga førte henne inn i ein depresjon. Kjenslene ho fekk erfare, seiv inn i songane ho laga, og partnaren, musikaren Todd Lombardo, som har medprodusert det nye albumet og også gjekk inn i foreldreskapet saman med Lynn, har medverka på låtskrivarsida.
Medan ein etter det eg kan sjå, manglar sikre tal på førekomst i Noreg, vert det rapportert at i USA vert éi av sju kvinner deprimert i samband med fødsel, og yngre mødrer er særleg hardt ramma. Tematikken er unekteleg tung, og det må ha vore krevjande å lage populærmusikk med eit slikt utgangspunkt, men det har altså Lera Lynn verkeleg fått til. Eg har lytta nokre gonger til Something More Than Love denne seinsommaren. Det er ei av desse platene som grip tak i lyttaren straks, og som også veks i tida som følgjer.
Går ein tilbake i Lynns diskografi, til duettalbumet Plays Well With Others (2018) eller pandemiutgivinga On My Own (2020), kan ein tenkje at årets album også vitnar om ein kunstnarleg transformasjon. Eit uttrykk i country/americana-grenseland er erstatta med noko mjukare og meir luftig, der synthane får sleppe meir til. Gradvis avdekkjer låtane ei heil kjensleverd som er i rørsle idet eit barn skal verte, og vert, ein del av livet – alt er jo nytt, både sjølvkjensla og relasjonane, idet ein vert overvelda av at ein medverkar til at eit nytt menneskeliv tek til.
Modige songar
Denne svimlande erfaringa er kanskje mest direkte levandegjord i songen «You Are Not Your Own,» der manglande autonomi er ei kjelde til både frykt og trøyst: «You are not your own/ You’re just a tangle in an epic chain.» Ei kjensle av å miste seg sjølv, og samtidig sjå seg sjølv som del av det omfattande kollektivet som er menneskeslekta, vert elegant skildra: «A million lives pumping through your veins/ We all are one in the same.» Å syngje seg inn i ein slik tematikk, frå den andre sida av ein fødselsdepresjon, innbyr ikkje til sentimentalitet. «He is nothing of mine, just passing through me», syng Lynn.
Something More Than Love skildrar både det å kjenne seg framandgjord og det å oppdage tilhøyrsle på sitt mest intense. Dette er tøffe og modige songar, som dirrar mellom det vonde og det vakre og skildrar livet på sitt mest motsetningsfulle.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Irene Nordli: «Vessel nr 21» (2021)
Alle foto: Mona Louise Dysvik Mørk
Ei haustutstilling med preg av sjekkliste
Då Amanda kjem tilbake til skulen om hausten, blir ho fadder for den nye guten i klassa, Lars, som har Downs syndrom.
Foto: Nordisk Film Production
Koseleg mobbefilm