JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det liberale demokratiets vesen og opphav

Arild Pedersen skriv innsiktsfullt og levande, og til tider frigjerande sarkastisk, om dei evige spørsmåla i eit moderne demokrati.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arild Pedersen var ein særeigen fritenkjar i det vitskaplege miljøet.

Foto: Dreyersforlag.no

4642
20220805
4642
20220805

SAKPROSA

ARILD PEDERSEN:

Spinoza og jeg.

Og vår teologisk-politiske traktat for det sekulære samfunn

DREYERS FORLAG OSLO

Kvifor vart ein pragmatist tiltrekt av ein rasjonalist? Det spør den nyleg avlidne professoren i filosofi, Arild Pedersen (1946–2022), i ei sjølvbiografisk og erkjenningsteoretisk bok om filosofen Baruch Spinoza (1632–1677).

Boka er ein frimodig og velskriven tekst der Pedersen freistar å finna ei form for overlappande likskap mellom eigne tankar og korleis Spinoza såg verda for snart fire hundre år sidan. Det er ikkje så lett når ein pragmatist som meiner at ingen kunnskap kan ha absolutt sikkert grunnlag, og at vitskap kan feile, men òg reviderast, møter ein rasjonalist som seier at kunnskap om oss sjølve og verda me lever i, også må ha forankring i visse idear, sanningar og årsakssamanhengar gjevne utanfor oss sjølve.

Oppgjeret

På 1600- og 1700-talet var den rådande tanken framleis at desse ideane, sanningane og årsakssamanhengane berre fanst hjå ein Gud som menneske kunne møta gjennom mirakel og openberringar. Pedersen skriv mykje og godt om korleis dei monoteistiske religionane jødedom, kristendom og islam påverkar våre tankar og levevis i dag, om enn på særs ulike vis. Men til sjuande og sist er det oppgjeret med religiøse dogme som er temaet for denne boka, der Spinoza spelar hovudrolla, medan Pedersen kanskje er meir forteljar enn medspelar.

Plottet er i hovudsak teke frå Spinozas Tractus Theologico-Politicus, som kom ut utan forfattarnamn på eit oppdikta tysk forlag i 1670. Ifylgje Pedersen fordi denne «boka frå helvete», som katolikkar i samtida kalla ho, truleg ville vorte sensurert og forfattaren arrestert om namnet til den verkelege forleggjaren i Amsterdam hadde stått på trykk. Grunnen var den alternative tilnærminga Spinoza forfekta om korleis me skal forstå oss sjølve i biletet av det Pedersen skriv mykje om under nemninga substansen/gud/naturen.

Utfordrande

Til tider vert det ganske utfordrande å fylgja dette forholdet, ikkje minst når dei tre stadia substans, gud og natur stendig skifter plass i argumentasjonsrekkja til Pedersen. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at det argumentet dei samtidige religiøse makthavarane ikkje kunne tola, var at guddommelege lover og moral også kunne forståast rasjonelt. For Spinoza var det heilt sentralt at rasjonaliteten vart halden oppe autoritativt også på teologiens område. Difor kallar Pedersen Spinoza ein reindyrka rasjonalist som var meir radikal og frittenkjande enn andre opplysningsfilosofar i samtida, til dømes Thomas Hobbes og John Locke.

Med kravet om ein rasjonelt basert teologi sådde Spinoza òg dei fyrste moderne tankane om det me i dag kallar eit liberalt demokrati, og korleis religionen må spela ei underordna rolle i forhold til den sekulære suverenen, altså den lovgjevande forsamlinga, «enten denne representerer et diktatur, et monarki eller et demokrati». Det skriv Pedersen under overskrifta «Naturlige og borgerlige rettigheter og statens makt», der han tek utgangspunkt i korleis Spinoza, etter å ha fullført religionskritikken sin i Tractacus, også fremja eit ynske om å laga ein generell teori om forholdet mellom religion og ein sekulær stat.

Skriv fritt

Pedersen skriv innsiktsfullt og levande, og til tider frigjerande sarkastisk, utan å skjegla til dei akademiske kollegaene sine. Mange av dei vil sikkert ha ein og annan kritisk kommentar til denne boka, men boka er god nett fordi Pedersen skriv så fritt og udogmatisk. Ikkje lettlesen akkurat, men etter nokre rundar sig samanhengane inn, ikkje minst når me får ein gjennomgang av europeisk idéhistorie på under 40 sider. Pedagogisk vert det òg, til dømes når han skriv om dei fire r-ane i den samanheng, og diskuterer forholdet mellom religion og rasjonalitet i renessansen og korleis rettane i det liberale demokratiet sprang ut av denne diskusjonen.

Arild Pedersen var ein særeigen fritenkjar i det vitskaplege miljøet. Stemma hans vil verta sakna, ikkje minst i spaltene i Dag og Tid. Men ho er godt teken vare på i Spinoza og jeg. Og vår teologisk-politiske traktat for det sekulære samfunn. Verken meir eller mindre.

Jan Erik Grindheim

Jan Erik Grindheim er
fyrsteamanuensis ved
Universitetet i Søraust-Noreg
og statsvitar i tankesmia Civita.

Dag og Tid har fått ein utanfrå til å melda boka, fordi Arild Pedersen var knytt til avisa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til sjuande og sist er det oppgjeret med religiøse dogme som er temaet for denne boka, der Spinoza spelar hovudrolla.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis