JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det gode som han ville

Lars Ramslie skriv sterkt om ein far som ikkje meistra farsrolla.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Romanen som kom ut i vår, er den sjuande Lars Ramslie har skrive sidan debuten i 1997.

Foto: Bez

3652
20230609
3652
20230609

Roman

Lars Ramslie:

Fjellet, geværet, vannet

Forlaget Oktober

Somme får aldri fram det beste i seg sjølv, eigenskapane deira spelar ikkje på lag, men skifter på å vinna over kvarandre, slik at personen syner mange sider, men ingen påliteleg heilskap. Mellom anna slik ser eg den farsfiguren Lars Ramslie har portrettert så sterkt, nærgåande og originalt i romanen Fjellet, geværet, vannet.

Dette er ikkje ein roman med eit kronologisk ordna plot i bedageleg forteljande prosa frå a til å, men heller ei punktvis framstilling av til dels dramatiske hendingar, oftast skriven med andre persons perspektiv, stila til den faren som ikkje lenger er til, og som ikkje var den trygge og tillitvekkjande grunnsteinen i livet som ein gjerne ser for seg ved tanken på det faste og tunge ordet far.

Han som skriv til den faren som ikkje lenger er til, og som skriv at han skriv, heiter Lars, og lesaren forstår av dette, og av detaljrikdomen i teksten, at det som står i boka, er slikt forfattaren har opplevd med sin eigen biologiske far. Men det er ikkje ein sjølvbiografi, sidan det just er denne andre, altså faren, som er i fokus.

Manndomsprøve

Mellom dei mange hendingane i romanen er det éi som står i sentrum, og det er ei slags manndomsprøve for den ni år gamle guten, då faren tek han med på ein strabasiøs fjelltur, opp på fjellet som har namnet deira, tilhøyrande den garden faren ikkje fekk odelen på, noko han ikkje heilt kan forsona seg med.

Men lesaren forstår at denne mannen ikkje kunne arva garden, han hadde ikkje den soliditeten som var naudsynt for den som skulle halda garden i slekta. Han var sjømann og boksar med valdsrykte, rusproblem og stundom skortande konsekvensanalyse, til tider lynande gløgg, andre gonger heller naiv, hard og mjuk på same tid, oppfarande og angrande, mykje av tida i ein eruptiv relasjon med ein eksplosiv kjærast. Og når forfattaren minnest at guten Lars vart sett i skorfeste med eit spørsmål om kven som var vond og kven som var god av dei to, seier han at han såg dei som eitkvart siamesisk, dei var to utgåver av same stoff.

Denne kjærasten var ikkje mor til Lars. Mora og stefaren baud nok på eit flatare og meir føreseieleg liv, men det ser me berre på avstand i boka. Det er faren, med høge fjell og djupe dalar, som er den sentrale, framstilt i ein særeigen, men effektiv stil som Lars Ramslie har funne opp sjølv, og som truleg er den beste måten å få fram det til dels svært vanskelege stoffet på.

Tredimensjonalt

Setningane kjennest nesten alltid som eit framhald, noko var før dei, meininga ligg både bak og framom, som i dette dømet: «Viss på at muligheten aldri vil dukke opp, være noe jeg må ta videre stilling til. Fortsatt snakke deg etter munnen, med større letthet fordi tiden er på min side, at jeg er blitt eldre, med mer tyngde fordi du vil spørre med mer hastverk, med noe akutt, noe som ikke vil dø, bak øynene før du lener deg tilbake ned mot speilet, neste, opphakkede, finmalte stripe.»

Slik eg ser faren i denne boka, hadde han eit godt, men rastlaust hjarte. Ein gjer ikkje det gode ein vil gjera, men tidt det vonde ein ikkje vil gjera, som Paulus poengterte for to tusen år sidan. Lars Ramslie har med andre ord fått til eit tredimensjonalt portrett av ein mann som hadde evner til mykje godt, men som gjekk til grunne, imploderande i livssmerte. Romanen er kort og godt ein stor litterær prestasjon.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er faren, som er den sentrale, framstilt i ein sær­eigen, men effektiv stil som Lars Ramslie har funne opp sjølv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis