Det er folket som har makta
Sliteneliten lagar energisk og tydeleg protestmusikk for vår tid.
Sliteneliten opna turneen i Kristiansand 8. mars og avsluttar i Trondheim 18. mars.
Foto: Signe Rosenlund Hauglid
Folkpunk
Sliteneliten:
Me kan’kje sei nei te da som e bedre
No. 13
«Med fisk og rein kan ein halde på i tusenvis av år», heiter det i «La fjorden leva», eit av spora på slagkraftige Me kan’kje sei nei te da som e bedre, som kom ut på kvinnedagen: «Me er her for å verna det med ein aksjonsbataljon.»
Tilfellet ville ha det til at eg lytta til det nye albumet til Sliteneliten idet eg såg på nyhendesendingar at politifolk med makt bar bort demonstrantar frå Olje- og energidepartementet for nokre dagar sidan. Songen «Vind eller forsvinn» kunne ha vorte spelt som lydspor til det heile, med sine verseliner om alskens forsøk på å «appropriere vind».
Protestmusikk
Der og då kjendest det som om musikken retta seg inn mot si eiga samtid med stor kraft, med klare meldingar til makta som rår. Sliteneliten pakkar det nemleg ikkje inn. Å lytte til Me kan’kje sei nei te da som e bedre idet Fosen-aktivismen utspelar seg på alle skjermflater, er dermed å verte innhenta ikkje berre av ikonografiske ekko frå protestane mot utbygginga av Alta-vassdraget for fleire tiår sidan, styrkt av den aktuelle spelefilmen Ellos eatnu – la elva leve, men også av ein heil tradisjon av protestmusikk, av ein kunstnarleg trong til å seie frå i ord og tone som heldigvis altså ikkje ser ut til å døy ut.
I sekstetten Sliteneliten finn du odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, saksofon, langeleik, piano) og Thea Marie Kvam (trommer, perkusjon, kor), gartnaren Silje Strøm (tverrfløyte, pikkolofløyte, kor), lyddesignaren Ylva Gulpinar (gitar, kor) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele, kor) og Maria Refsland (bass, kor, vokal). Bandet lagar sosialt og politisk engasjert folkmusikk av det upolerte slaget, og tankane går rett som det er til ein type songar ein kjenner frå nett 1970- og 1980-talet. Likevel er det viktig å få fram at dette ikkje er eit nostalgisk prosjekt. Til det er songane for tydeleg forankra i politiske og eksistensielle livsvilkår vi lever med her og no. Sliteneliten fortel om 2023 og det som skal kome, ikkje om det som har vore.
Energisk og livfullt
Gjengen lagar energisk, livfull musikk – dei som med sine fordomar skulle finne på å avskrive dette som sippete, sint og surt før dei har lytta skikkeleg, bør sjekke ut jobbsøknadssongen «Jobb te meg», til dømes. Sjølv om det ikkje er vanskeleg å spore ei ideologisk tilknyting, dreier det seg heller ikkje om musikk som heile tida skal overtyde med to strekar under svaret. «Klok på følelser» fortel sitt om kor helsikens vanskeleg det er å finne ut både kva som er målet, og den rette vegen dit.
Musikk med knytte nevar, er ikkje det litt utdatert, tenkjer du kanskje? Då den britiske journalisten Dorian Lynskey skreiv ei bok om protestmusikk for eit dusin år sidan, avslutta han med å seie at det han hadde håpa skulle verte ei historiebok, kjendest litt som «ein nekrolog». Det går an å forstå kva han meinte, men sjølv om ikkje (dei svært kjende) songane han skreiv om, hadde medført konkrete samfunnsendringar av det slaget så mange artistar og band kanskje har håpa på, vitna Lynskeys miksteip likevel om at populærmusikken på sitt vis medverkar til å styrke det historiske medvitet på tvers av generasjonar. Gir ein opp den sosialt engasjerte musikken i apati over at historia ikkje ser ut til å late seg endre, har ein tapt – ein kan ikkje slutte med å hytte med neven, lenke seg fast eller synge saman om kva som er rett og gale.
«People have the power», syng Patti Smith – kanskje i kveld, til og med, i ein eller annan konsertsal – og Sliteneliten legg altså til: «Me kan’kje sei nei te da som e bedre». Bandet spelar på Voss i kveld, kjem til Bergen i morgon og er på turné rundtom dei neste dagane, før dei rundar av i Trondheim neste helg.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.