JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Der peparen gror»

I boka om 1600-talet hentar Atle Næss fram ein bortgøymd skatt i norsk litteratur: Fredrik Bollings reiseskildring av Ostindia – landet med eksotisk pepar, koks og banan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei handelsbu i Batavia, hovudstaden i nederlandsk Ostindia. Mange av dei eksotiske varene vi ser, fortel Fredrik Bolling om i si reiseskildring.

Målarstykke av Aelbert Cuyp (1650–1655): Amsterdam Rijksmuseum

5924
20221202
5924
20221202

Sakprosa

Atle Næss:

Det glemte århundre. Historier fra 1600-
tallet

Gyldendal

Det glemte århundre. Historier fra 1600-tallet heiter den siste boka til Atle Næss. Tittelen går rett inn på tema og metode for dette verket. Næss viser at 1600-talet – ein del av «400-årsnatta», dansketida, i norsk historie – er betre enn ryktet sitt: Perioden er grunnlaget for det moderne Noreg.

Og termen historier avslører metoden han brukar: Gjennom eit utval livshistorier gjev han eit fargerikt oversyn over «det gløymde hundreåret». Det gjeld særleg kapitlet som lyfter fram ei fascinerande soge om ein nordmann i Ostindia.

Hekser og prestar

Boka er delt inn i fem kapittel, og alle har ein livslagnad i sentrum. Det fyrste handlar om kvinner som vart offer for hekseprosessane. Det er ein fare for oppattaking i eit slikt oversynsverk, men heldigvis vel Næss personar som stort sett har vore gløymde. Hekseprosessane i Finnmark er skrivne om i tallause verk; Næss skriv om fire kvinner frå Rygge som vart dømde til «bål og brann» i 1623.

Neste kapittel handlar om Niels Muus frå Halland i Sverige, den gong dansk provins, som enda som prest i Trøgstad. I denne delen er pestepidemiane på 1600-talet temaet. Vi høyrer om korleis Muus sluttar å føre opp namn på døde av pesten i 1654, men heller berre summerer opp kor mange som døyr. Både Rygge og Trøgstad høyrer til Østfold, der Næss sjølv kjem frå, så vi skjønar interessa hans for desse lagnadene.

Neste mann ut fører oss til Gudbrandsdalen: tyskaren Georg Reichwein som gjorde ein imponerande militær karriere i Noreg, særleg kjend for innsatsen under Hannibalsfeiden (1643–1645), og som til slutt vart adla. Dette kapitlet skildrar såleis 1600-talet som hundreåret med store krigar. Men vi høyrer like mykje om krigsherren Karl 10. Gustav som Reichwein, og det er eit særdrag ved Næss’ bok: Han tillèt seg mange sidespor i forteljinga.

Ei mengd tema blir diskuterte: Skogfinnar ved svenskegrensa, sodomi i Noreg og Sverige, europeisk storpolitikk og jordbruk. Eg noterer sjølv flittig ned viktige korrigerande opplysningar, som historia om Johan van Monkhofen, leiar for leigesoldatar hyra inn av svenskekongen som utførte eit vellykka plyndringstokt i Noreg. Han har vorte overskygd av kaptein Sinclair, ein av leiarane for leigesoldatane som stupte under slaget ved Kringen i 1612. Den fyrste historia var det ikkje plass til i feirande norsk historieskriving.

Men det kan bli for mange sidespor. Det meiner eg om det siste kapitlet, om Bergens Dorothe Engelbretsdotter. For ein kjennar av 1600-talet og Dorothes dikt blir denne bolken dessutan mindre interessant. Eg stussar òg på kvifor boka har nett same framsideillustrasjon som Og skuta lå i Amsterdam (2012) av Sølvi Sogner. Det finst eit rikt biletmateriale frå 1600-talet, her kunne forfattar og forlag gjort ein betre jobb.

Eventyr i Ostindia

Høgdepunktet hjå Næss er kapittel fire, om Fredrik Andersen Bolling, som reiste til dagens Indonesia i 1669 – den gongen nederlandsk Ostindia. Bolling var teologistudent utan utsikter til prestekall. Han gjorde difor som mange unge norske menn, tok hyre på eit nederlandsk ostindiafartøy. Han opplever mange farar og ser dei mest utrulege ting før skipet når fram til landet der «peparen gror», som Bolling sjølv humoristisk kallar det.

I Ostindia blir det nye eventyr: Han tener som vaktsoldat i Batavia, der han skildrar det fleirkulturelle samfunnet og dei eksotiske varene i byen, som krydder og frukt. Han arbeider som hebraisklærar for nederlendarar. Han blir endåtil tilboden stilling som lærar i kolonien – mot at han går over til kalvinistisk tru, men lutheranen motstår freistinga. Han blir som bokhaldar med eit handelsskip til Kina. Til slutt fer Bolling attende til Europa, men skattane han har samla under reisa, blir tekne frå han då skipet blir kverrsett av engelskmenn.

Alt dette fortel Bolling om i Oost-indisk Reise-bog frå 1678. Det finst knapt noka forsking på denne boka. Det einaste store arbeidet som før har vorte gjort, er ei omsetjing til nederlandsk frå 1913. Bolling skreiv sidan den fyrste skandinaviske grammatikalske innføringa i engelsk (1678) – ei bok som heller ikkje er forska på.

Fordomar

Bolling har noko til felles med Næss: Det er også mange sidespor i Oost-indisk Reise-bog, som diskusjonar om kva som er sentrum i universet, jorda eller sola, og om innfødde i andre land. Næss kommenterer kritisk medan han gjev att frå reiseboka. Eit døme er skildringa av khoi-khoi-folket («hottentottane») i Sør-Afrika, som byd på groteske detaljar. Bolling skriv at brudgomar får den eine testikkelen avskoren ved bryllaup. Ved å jamføre med ei tysk reiseskildring frå nokre tiår seinare viser Næss at Bolling ikkje er utan fordomar og overdrivingar.

Denne kjeldekritikken kjem ikkje godt nok fram. Atle Næss er ein tradisjonell historieskrivar som i liten grad tematiserer sin eigen skriveprosess – her ligg han langt unna sakprosaen hjå til dømes Øystein Morten, kjend for bøkene om vikingkongar. Det er synd, for fyrst når ein kan gå fotnotane og litteraturlista etter i saumane, forstår ein at Næss har gjort eit imponerande fortolkingsarbeid av originalkjelder.

Då skjønar vi kor viktig Det glemte århundre er: Norske historikarar som interesserer seg for slavehandel og kolonialisme, ser seg stundom blinde på dansk-norsk soge. 1600-talet var ein periode med stor mobilitet, og dei fleste nordmenn i kolonifart fanst på nederlandske skuter. Atle Næss hentar fram eit unikt materiale som kastar nytt ljos ikkje berre over norsk, men også over nederlandsk historie.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bolling har noko til felles med Næss: Det er også mange sidespor i Oost-indisk Reise-bog.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis