JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Då Noreg kunne blitt fritt frå Danmark

Kungens niding er ein historisk og nyskapande roman om ei brytningstid i Norden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Trygve Solli er filosof og bur i Sverige.

Foto: Ekström & Garay

3815
20230317
3815
20230317

Roman

Lars Trygve Solli:

Kungens niding

Ekström & Garay

Lars T. Solli er ein norsk filosof som har slått seg til i Sverige. I denne svenskspråklege romanen går vi inn i ei turbulent tid i Nordens historie. Måten soga er fortald på, er forfriskande uvanleg: 31 små kapittel fører oss gjennom snapshotaktige scenar over 150 sider. Somtid dialogar, somtid konfrontasjonar, somtid tankereferat og somtid novelleliknande småsoger. Undervegs kan ein stogge og tenkje seg om, og gjerne også grave litt i historiske verk.

Adelsmannen Knut Alvsson (Tre Rosor) til Giskegodset og arving til Sudreimsgodset var høvedsmann på Akershus festning. Hausten 1497 vart ein fut, Lasse Skjold, drepen av allmugen på Nes og Ullensaker etter at futen hadde vore særskilt brutal i framferda. Knut vitna i rettssaka i 1498. Akerallmugens ni representantar vart av lagrettemennene dømde til å betale bøter til kongen og kongens ansvarshavande, altså Knut Alvsson.

Grovt overgrep

Så kom eit uventa krav, at dei som no bøtte, også måtte verte fredlause. Dei hadde etter Magnus Lagabøtes landslov forbrote seg mot kongens fred. Riksrådsmedlemen Henrik Krummedike fekk i oppgåve å gjennomføre dommen. Til stor skrekk for allmugen fekk han halshogd tre av bøndene.

Slik framferd vart opplevd som eit grovt overgrep i strid med norske lover og rettspraksis. Men no vart Knut Alvsson halden ansvarleg og frådømd stillinga som høvedsmann – som Henrik Krummedike så tok over. Knut fór då til Sverige og var mindre i faresonen. Der slo han seg saman med Svante Nilsson og Sten Sture den eldre, og dette gjorde tilhøvet til kong Hans vanskeleg; kongen gav difor Henrik Krummedike ordre om å overvake Knut Alvsson.

Det kom jamt inn fleire klager frå folket, og til sist, i 1501, stilte Knut Alvsson seg i spissen for bondeopprøret mot danskekongen. Sjølv om der kom nok av folk til frå godsa til Knut, vart det ikkje nok trykk overfor trente danske militære. Så i 1502 bad Knut om fritt leide og forhandlingar. Fleire historikarar har meint at Knut ville ha norsk union med Sverige, slik at ein kunne kvitte seg med dansk overherredøme. Det ser slik ut, sidan Henrik Krummedike fann ut at han måtte få Knut drepen, for elles risikerte ein jo at uroa heldt fram og forbundet mellom Noreg og Danmark vart brote.

Elegant løyst

Denne romanen er då ikkje noka samanhengande forteljing som systematisk forklårar utviklinga – det ville då også vore ganske mykje å fylle ut av spekulasjonar, sidan så mykje kjeldemateriale manglar. Derimot går forfattaren inn i scenar og situasjonar der det utspelar seg avgjerande endringar av stoda. Dette er elegant gjort, for på denne måten vert vi med på alle avgjerande augneblinkar frå og med meldinga kjem om at futen Lasse Skjold er drepen, til den beiske slutten med svik mot avtalar, lov og rett.

I nokon monn liknar prosjektet på nyromanens fragmentering av tidsflyt og stadsavhengnad – vi går ut og inn av sinnsstemningar og omgjevnader. Perspektivet vekslar, handlinga startar in medias res og vi konstruerer sjølve posisjoneringa vi har. Framstillingsforma kan minne litt om scener i eit spel, gjerne eit dataspel, der vi lever oss inn i valsituasjonar som presenterer seg.

Den samansette forteljinga konstruerer ikkje eit lukka rom der vi er nøydde til å fylgje eitt spor fram til eit sluttpoeng, så noka keisemd over at dette er ein historisk roman der vi kjenner slutten, om lite anna, oppstår ikkje. I staden tykkjer eg dette er ein særs vellukka skrivemåte, og det er å vone at forfattaren prøver seg på å utvikle denne forteljemåten vidare.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis