Tru og tvil
Ulla Svalheim skriv om store spørsmål som kvernar i hovudet på ei ungjente.
Ulla Svalheim er kritikar og redaktør for BLA – Bokvennen Litterære Avis.
Foto: Gyldendal
Roman
Ulla Svalheim:
Til troende
Gyldendal
Ulla Svalheim er fødd i 1991 og kjem frå Tvedestrand i Aust-Agder. Ho har med andre ord vakse opp innanfor bibelbeltet, og Bibelen og eit kvardagsnært kristenliv dannar ei grunnline i debutromanen Til troende, der vi møter 16-årige Bie Veronika og familien hennar. Handlinga er lagd til eit lite grendelag ved kysten nokre sommarveker, kronologisk fordelt over 62 korte kapittel, litt tilbake i tid mens planlegginga av firefelts motorveg (E18) skapte engasjement og motstand i mange lokalsamfunn langs traseen. Naturvern og miljøvern var sentrale ankepunkt.
Bie Veronika er også engasjert i vegsaka, og ho samlar underskrifter og demonstrerer saman med klassevenninner, men det er ikkje dette som fyller tankane hennar og gjer henne usikker og utilpass i det som verkar som eit harmonisk lokalsamfunn. Ho er i ein posisjon mellom barn og vaksen, med all den tvilen på eigen identitet og eigen vilje som følgjer med, og etter at ein gut i klassen døyr i ei mopedulukke, balar ho med dei store spørsmåla kring liv og død, tvil og tru.
Bie Veronika har sommarjobb i kommunen og arbeider på kyrkjegarden med plenklipping, luking og rydding, og romanen opnar med at ein utanforståande og allvitande forteljarinstans registrerer henne på avstand når ho borar handa ned i grava til den døde klassekameraten. Etter kvart får vi vite at forteljaren er ei eldre dame i nabolaget som av og til vekslar nokre ord med Bie Veronika, utan at dei er fortrulege.
Opningsscenen er sterk og direkte og peiker mot den overordna tematikken: Går det an å forstå døden, går det an å forstå Gud, går det an å forstå seg sjølv? «Hun forsto i store begreper», heiter det, og Bie Veronika tenkjer ofte i symbol, bilde, speglingar og paradoks i leitinga etter seg sjølv. Ho har ei kjensle av «å stå på utsida og kikke inn». Samtidig kommenterer forteljaren: «Kanskje var skyheta hennes lett å forveksle med høye idealer, personlig strenghet, sterk overbevisning, den slags.»
Mens ho arbeider på kyrkjegarden, høyrer Bie Veronika på lydbøker: Brannen av Tarjei Vesaas, Jobs bok og Koranen, og når ho samanliknar Bibelen til mora med sin eigen barnebibel, ser ho at «Det var en hel haug barnebibelen ikke hadde tatt med. Troa hennes var lettygd barnemat».
Bie Veronika leitar etter ei sanning, ein bodskap og ei meining som kan hjelpe henne vidare i forholdet til seg sjølv og samfunnet rundt henne, men som i Jobs bok er det ikkje alt ein kan forstå: «Herren gav, og Herren tok. Herrens navn være lovet.»
Som debutarbeid er dette lovande. Ulla Svalheim skriv truverdig og innsiktsfullt om det som rører seg i ei ungjente som tenkjer vaksne tankar samtidig som ho enno er eit barn, og når nominasjonane til Tarjei Vesaas’ debutantpris kjem eit år fram i tid, vil eg ikkje bli forundra om Ulla Svalheim står på lista.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som debutarbeid er dette lovande.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.