Robust og sårbart
Det er store variasjonar i stil og tempo hos Ingeborg Arvola.
Den tredje novellesamlinga til Ingeborg Arvola byr på komiske, håpefulle, dystre forteljingar om menneskeliv.
Foto: Anna Julia Granberg
Noveller
Ingeborg Arvola:
Plutselige varmegrader
Cappelen Damm
I år er det 20 år sidan Ingeborg Arvola (f. 1974) debuterte med romanen Korellhuset, og i løpet av dei 20 åra som har gått, har ho gitt ut 20 bøker i ulike sjangrar, både for barn og for vaksne. Eg følgde forfattarskapet i starten, og når eg no les Arvola på nytt, ser eg at ho har vakse som forfattar og har funne fram til ein fin balanse mellom ein viltveksande fantasi, eit genuint samfunnsengasjement og eit skarpt blikk for mellommenneskelege relasjonar.
Plutselige varmegrader inneheld tolv noveller der ni av dei frå før er publiserte i ulike antologiar, tidsskrift og nettstader. Tittelen peiker mot klimaendringar og global oppvarming, og fleire av novellene har denne vinklinga utan at dei dominerer samlinga under eitt, for dei beste novellene handlar om einsemd, identitet og lengt etter stabilitet.
Underliggjande ironi
Sjølv om Ingeborg Arvola bur i Oslo, søker ho stadig tilbake til Aust-Finnmark, der ho vaks opp, og fem av novellene er forankra i landsdelen, geografisk og språkleg, med replikkar på dialekt. I andre noveller streifar ho innom gjennom assosiasjonar og draumar. Det er Neiden og Kirkenes, det er Tromsø, og det er bilturar rundt omkring, der den eine endar på urfolkfestival i Karesuando, ein herleg tekst om to ungjenter som haikar frå Tromsø for å høyre Buffy St. Marie, og der Arvola med snert og psykologisk teft rører ved både det sårbare og det desperate hos unge menneske. Det gjer ho også i «Bilen og treet og vinden og regnet» om den nokså naive Mali, som har problem med grensesetjing og blir utnytta og misbrukt og filma og lagt ut på nettstaden Funny Kuken, samtidig som ho blir gravid med kjærasten til ei venninne. Enkelt skal det ikkje vere, og ein ser ein underliggjande ironi som drar seg mot satire i andre noveller, for eksempel i «Framtid I» og «Framtid II».
Sårt portrett
I «Kjærlighet til fugler» gir Arvola eit sårt portrett av fosterbarnet Siv og forholdet som utviklar seg mellom henne og den eksentriske fostermora Volda Pop, langt bortanfor all normalitet, burlesk og surrealistisk, ja, på grensa til det groteske, slik ho også er i novella «Sveipe, streife, stryke» om ein unggut frå Bugøynes som jobbar med å plukke opp folk frå Middelhavet, ikkje levande, men døde som kan nyttast i organindustrien.
Men Arvola kan også vere dempa og poetisk realistisk når ho skildrar kjærleiken som veks fram mellom to som har mista det meste, men ikkje kvarandre, slik ho gjer det i den siste novella, «Mange små ritualer».
Det er noko direkte, friskt og morosamt hos Arvola, poengtert og overraskande, og ho skildrar jakta på kjærleiken med glimt i auget. På sitt beste har ho den same språklege snerten og den djuptloddande psykologien som ein finn hos Laila Stien, og da er ho i godt selskap.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er noko direkte, friskt og morosamt hos Ingeborg Arvola, poengtert og overraskande.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.