JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Noregssoga med nye augo

Det internasjonale gjennombruddet er eit forfriskande, provoserande og intellektuelt bad om internasjonalisering og meiningstvang.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terje Tvedt innfører ei ny inndeling av dei politisk-ideologiske periodane i norsk historie.

Foto: Edvard Thorup / Dreyer

5269
20171201
5269
20171201

Historie

Terje Tvedt:

Det internasjonale gjennombruddet. Fra «ettpartistat» til multikulturell stat.

Dreyer

I boka Det internasjonale gjennombruddet innfører Terje Tvedt ei heilt ny inndeling av dei politisk-ideologiske periodane i norsk historie. Det store straumskiftet skjedde etter hans meining omkring 1970. Inntil då hadde noregshistoria vore gjennomsyra av nasjonsbygginga, den demokratiske frigjeringa og ei sosialdemokratisering som vida ut folkestyret og sette velferda i høgsetet.

Dei politiske elitane i desse 150 åra vart fyrst juristane, seinare sosialøkonomane og endeleg dei profesjonelle politikarane i dei største politiske partia. Men i heile perioden før 1970 var nasjonalstaten den udiskutable nasjonale identiteten og berebjelken i den politiske ideologien.

Tydeleg brot

Men i ei tale i Slottsparken i 2016 presenterte kong Harald den nye og moderne versjonen av norsk identitet. Innanfor ei slik ramme spelar det inga rolle om ein likar Kari Bremnes eller trur på Allah eller Jesus eller ikkje noko, sa han. «Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er – og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.»

Ifølgje Tvedt stadfester tala til kong Harald korleis Noreg var blitt eit land der er multikulturalismen rår, og der alle folkegrupper, same kor dei kjem frå og kva religion eller livssyn dei held seg med, har rett til å krevje at landet er deira. Dette er eit av dei mest tydelege brota i norsk historie, seier Tvedt.

No gjekk draumen om nasjonalstaten som eit rom alle kunne seg kjenne seg heime i, opp i røyk. Tanken om den nasjonale fellesskapen som ein føresetnad for allmennviljen fordunsta. «Norske verdiar» som omgrep vart bannlyste frå skule, kringkasting og presse, fordi det kunne verke «ekskluderande» og «diskriminerande».

Menneskerettar

Samstundes, i 70-åra, dukka menneskerettane opp som ein ny sekulær statsreligion, meiner Tvedt. Ingen av dei store norske historikarane Johan Ernst Sars, Halvdan Koht eller Jens Arup Seip nemner menneskerettane. Heller ikkje ein yngre historikar som Francis Sejersted tek opp temaet. Men etter 1970 dukka menneskerettane stadig oftare opp i diskusjonane i det offentlege rommet. Etter 2000 vart flaumlyset på menneskerettane blendande i melding etter melding og mana både politikarar og folk flest til å omvende seg til den nye trua, og sverje på at dei var universelle.

Å seie at rettane hadde eit vestleg opphav, var eurosentrisk og særs kritikkverdig. Men at dei var universelle verktøy i utanrikspolitikken og bistandspolitikken, var heva over tvil. Dei samla stortinget, partia, pressa, organisasjonane og TV-sjåarane i store messelikande og jublande aksjonar. Dei vart samstundes heilt naudsynte våpen når politikarar og presse skulle forsvare dei openberre tragiske militære norske intervensjonane i Libya og Irak og dei like lagnadstunge mistaka i Sør-Sudan og Kenya.

Tvedt meiner at sedskiftet vi no har skildra, var ei følgje av dei store innvandringsbølgjene dei siste femti åra som sjølvsagt endra den norske demografien og det politiske handlingsrommet totalt. Samstundes vart Noreg eit bistandsland som tredde stolt inn på den internasjonale arenaen. Bistandsideologien vart ei religiøs frelserørsle, og nordmenn grunnfeste ei kolsviartru på at akkurat dei var utvalde til å redde den fattige delen av verda.

Bistanden vart eit viktig nasjonalt prosjekt med aukande statleg finansiering, nær knytt til eit internasjonalt regime. Heime i Noreg danna det seg hundrevis av organisasjonar som vart fullfinansierte av staten for å drive ulike former for hjelpearbeid på ei rekke felt, og internasjonalt proklamerte Noreg seg sjølv som ei global humanitær stormakt. Dei norske leiarane av dette prosjektet danna ein elite som ikkje berre gjekk i kompaniskap med ulike private entreprenørskap, men som danna eit korps av Tordenskjolds soldatar som gjekk igjen og igjen både i bistandsleiinga, i utanriksleiinga og blant spissane i store, private humanitære føretak.

Meiningstyrannar

Skandalane var mange, kritikken var sløv og journalistane gjekk endå meir i takt enn dei pla gjera. Det la seg ein svevntung konsensus over kongeriket, men òg den styrande eliten tedde seg som den frelsande jomfrua som skulle bøte all verdas liding. Få merkte at dei også var meiningstyrannar som ville styre kva vi alle skulle kjenne og tenke.

Terje Tvedt har skrive ei sterkt kritisk bok om den norske ideologiske utviklinga. Ofte skildrar han enkelttilfelle, han grev i djupna, kvesser pennen og tar pusten frå lesaren.

Boka mi er breiddfull av notat. Eg er slett ikkje samd med Tvedt i alt. Men samla sett er boka hans eit leikande, provoserande og oppfriskande bad som gjer ein lukkeleg over at det finst forskarar og forfattarar som ser på Noreg og verda med så friske og nye augo som dei Tvedt har. Det er ein svir å lese ei bok som utfordrar, pirrar, provoserer og opnar augo for nye innsyn.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Terje Tvedt har skrive ei sterkt kritisk bok om den norske ideologiske utviklinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis