Mennesket som språk
Claussen gir oss interessant skrivekunst med lite dikting og endå mindre diktat.
Morten Claussen syner det store repertoaret sitt.
Foto: Bokvennen Forlag
Forteljingar
Morten Claussen:
Aldri oppgitt
Bokvennen Forlag
Etter å ha lese samlinga Aldri oppgitt av Morten Claussen sit eg att med ei oppleving av å ha vore på ei utstilling av abstrakt kunst der forklaringane til kuratoren drukna i musikken av samtidskomponist Rabaldrian Schrammel. Ein har fått mange einskildinntrykk, men ein treng tid for seg sjølv før samanheng og meining formar seg.
To bolkar
Boka er delt i to bolkar. Om den første no og då kjem nær sjangernemninga «fortellinger», gjer den andre det slett ikkje, av di han for det meste berre er dialog, ofte utan at dei samtalande har namn. I den første delen syner Claussen det store repertoaret sitt i tekstar som både imiterer og siterer verk frå verdslitteraturen. Her finn ein litt Kafka, men også, overraskande nok, Stendahl, litt Balzac og litt Proust, ein smak av Shakespeare, og sikkert mykje anna som gjekk meg hus forbi. Her er også tekstar med såkalla loops og skiftande identitet og synsvinkel, slik ein finn det til dømes i filmar av David Lynch, og settinga kan vera kor som helst, når som helst og med kven som helst i hovudrolla, med tema som skiftar frå vegbygging i Kina i ei novelle, til George W. Bush som skriv på avskilstalen sin i ei anna. Av desse tekstene vart eg mest interessert i ein som handlar om ein offentleg skrivar, ein Notarius Publicus, ein kontor-Sisyfos som lagar avskrift av uendelege mengder dokument. Fortida hans veit me lite om, men framtida ser ut til å vera eit framhald av det noverande, utan brigde av noko slag. Det går tydeleg fram av teksten at arbeidet hans er fullstendig meiningslaust.
I dei mange dialogane, som verkeleg berre er samtaler, kan ein no og då, og alltid indirekte, skimta omgjevnader og relasjonar, til dømes ein son som samtaler med ein far som bur på ein aldersheim; i bakgrunnen sender radioen eit høyrespel om Zarathustra, sonen vil høyra på, faren ser berre verda med utgangspunkt i seg sjølv. Gamle folk, altså! Dei må berre skjerpa seg!
Prosaisk
Nokre gonger er samtalen prosaisk med utgangspunkt i små og store hendingar, til dømes ein skitur som ikkje enda godt, og sjølv om dei samtalande i det minste ved eitt høve kan sjå ut til å vera Allhærs Gud og den einborne son hans, er det elles slik at dialogane samla kan gje eit bilete av ein familie, og det ein av det pratsame slaget. Her finst ikkje skildring utanom replikkane. Dei som uttaler seg, har oftast ikkje andre eigenskapar enn talen, me får ingen opplysningar utanom dei som kjem fram i meiningsutvekslingane. Då oppdagar lesaren at det heller ikkje er naudsynt med meir, for mennesket ovrar seg i språket, og sjølv når dei som bablar i veg om alt mogleg, liknar kvarandre i ordval og uttrykksmåte, slik at dei ikkje alltid kan identifiserast ved ein tydeleg idiolekt, har dei i det minste kvar sin synsvinkel. Sagt på ein annan måte: Ein får ikkje inntrykk av at dei er samde. Då er det enno litt liv i dei, for, som Lyndon B. Johnson sa: Når to personar er samde i alt, er det berre éin av dei som tenkjer.
Dialogane er tidt underhaldande, med sitat frå både Bibelen og Dusteforbundet, og ein replikk som dette: «Milde Moses, man skal leve så ingen griner når man dør». Men Claussen diktar nesten ikkje, og dikterer aldri. Såleis får lesaren både ansvar og fridom til å dikta sjølv, og dermed kan nok forfattaren skyta ein kvit pinn etter populariteten, i våre fjordlandstider der maten helst skal vera ferdig melta før du et han.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som uttaler seg, har oftast ikkje andre eigenskapar enn talen.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.