JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Dyrevern har ein plass i fjøsstøvlar

Dyrevernar pluss bonde er ikkje lik sant heilt enno, men Norun Haugen argumenterer tidvis godt for å droppe skyttargravene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norun Haugen fekk Fritt Ords honnør for ein dokumentarfilm om grisehald i 2019.

Foto: Privat

5467
20230602
5467
20230602

Sakprosa

Norun Haugen:

Til dyrene. Sann­heten om norsk dyrevelferd

Kagge Forlag

Norun Haugen dukka opp i ålmenta med undercover-dokumentarfilmen Griseindustriens hemmeligheter, som vart vist i Brennpunkt på NRK i 2019. Då hadde Haugen brukt sju år av livet sitt på å utgje seg for å vere Amalie, Marie eller Kristine, med det til felles at ho kontakta bønder og utgav seg for å ville starte som bonde og trong erfaring: Kunne ho få jobbe i grisefjøset i ein periode?

Med kameraet gøymt i den øvste skjorteknappen dokumenterte ho grove overgrep i grisefjøsa: Kastrering utan bedøving, avliving utan avbløding og sjuke dyr utan tilsyn, for å nemne noko. Dokumentarfilmen førte til at både næringa og enkeltbønder vart etterforska av Økokrim.

No har Norun Haugen skrive bok. Til dyrene – sannheten om norsk dyrevelferd er todelt: Fyrste del går føre seg medan ho framleis er undercover, og skildrar kvardagen ho opplevde i grisefjøsa. Fleire av situasjonane er kjende frå dokumentarfilmen, men i boka har Haugen meir plass – mellom anna til å skildre at ho i undercovertilværet òg var innom andre produksjonar enn berre gris.

Skildrar berre delar

Haugen var innom nokre få andre produksjonar, må vi understreke. At boka skal gje meg «sannheten om norsk dyrevelferd», er ein feil som er fort overstått, men såpass grov at han ville fjerna fleire prikkar på terningen om eg hadde hatt ein tilgjengeleg. Boka fortel «sannheten om norsk grisenæring», kanskje, eventuelt «med et sideblikk på kyllingproduksjon, dyrevelferd på slakterier og kalvehåndtering i melkeproduksjon». For det er dette boka tek føre seg.

Det er griseindustrien Norun Haugen kjenner frå innsida. I tillegg har ho vore innom slaktekyllingproduksjon og eit kufjøs der kalvar vert skilde frå mor si rett etter fødselen.

Alt dette er vel og bra, men norsk dyrevelferd, ja, endåtil norsk kuvelferd, er meir enn morskjensle og ei kjapp fastslåing av at lausdrift alltid er betre enn å «lenke dyr på bås». Sanninga om båsfjøs er meir komplisert enn som så, og sanninga om norsk dyrevelferd måtte i tillegg ha inkludert sauenæringa, i det minste, og helst svinga innom ridesenter, hundeavl og andre kjæledyr.

Lite endringsvilleg

Det vert likevel for enkelt å avvise boka for alt ho ikkje grev seg ned i – for her er sanneleg avsløringar nok. Mest interessant er del to av boka: det som tek føre seg alt som skjedde etter at Griseindustriens hemmeligheter vart send på NRK. For trass i alle innrømmingar og lovnader frå næringa, bønder, bondeorganisasjonar, tilsynsstyresmakter, politikarar og rettsvesen om at lovbrota som vart synte i dokumentarfilmen, var forkastelege og ikkje skulle skje igjen, har lite betra seg for norske grisar sidan 2019.

Haugen syner godt kor lite endringsvillig norsk landbruk er – korleis honnørorda om at ein kvar dag jobbar for betre dyrevelferd, tyder lite når ein i praksis jobbar mot kvar einaste endring som går i den retninga: Ingen skal kome her og seie at det tradisjonelle norske landbruket ikkje er godt nok.

Hjarteskjerande

Det er eit lite sjokk å lese om korleis kastrering av smågris utan bedøving vert møtt i norske rettssalar: Dommane ber tydeleg preg av ei (mis)forståing av at griser ikkje har same smerteterskel som menneske. At denne vrangførestillinga framleis finst i Noreg på 2020-talet, er ei bok verd i seg sjølv.

Men boka hadde gjort jobben sin endå betre om ho hadde vore meir open og ærleg. Alle dei oppdikta eller manglande namna på både «gode» og «vonde» personar og næringsaktørar er nok ein føresetnad for at filmen vart til. I bokform vert det likevel ein veikskap.

Haugen vitjar slakteri og kjem seg inn på delar av dei der få får tilgang – fjøs og avlivingslokale. Korleis ho har fått det til, og under kva slags (falske) flagg, kjem dårleg fram.

Når Haugen prøver å fortelje om hersketeknikkar ho har vorte utsett for, med setningar som «en person med lang fartstid i næringen har prøvd å stoppe samarbeidsprosjekter for dyrene fordi vedkommende tilfeldigvis har hatt en lederstilling på stedet jeg samarbeider med», vert det berre uforståeleg.

Skyttargravskrigen

Norun Haugen hevdar ho aldri er ute etter å ta enkeltbønder, heller ikkje å legge ned husdyrproduksjonen i seg sjølv, men alltid ute etter å finne systemendringar som gjer det betre for produksjonsdyra. Eg trur ho. Eg trur endåtil bønder kan tene på å lytte. Men eg skjønar òg at for bønder som kjenner heimen, familien og arbeidsplassen sin som invasjonstruga, kan det vere vanskeleg.

Det skjønar ikkje Norun Haugen. Sjølv i møte med bønder held ho fram med å hevde at det å gå i forsvarsposisjon øydelegg «potensialet i å se hva vi prøver å kommunisere»: at bønder må slutte å forsvare sitt eige effektivitetsøydelagde dyrehald og i staden slå seg saman med dyrevernarar om å krevje endring. Eit meir dyrevenleg jordbruk kan fort syne seg å også vere eit meir bondevenleg jordbruk.

Griseproduksjonen Norun Haugen skildrar, er eit mørkt kapittel i norsk jordbrukshistorie. Vi veit kva vi må gjere med det. Bønder veit det, politikarar veit det, styresmakter veit det, dyrevernarar veit det: Vi må endre systemet. Gjere god dyrevelferd og god bondevelferd lønsam. Så forbaska enkelt, og likevel så forbaska vanskeleg.

Siri Helle

Siri Helle er agronom, forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis