JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det der livet

Rannveig Fern Leite Molven skriv knakande godt om det alt handlar om, sjølv om det er uråd å gjengi handlinga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Handlinga er ikkje det viktigaste i romanen til Rannveig Fern Leite Molven,  men refleksjonane hennar er svært gode, meiner meldaren.

Foto: Karianne Grepstad

3299
20200522
3299
20200522

Roman

Rannveig Fern Leite
Molven:

Duelyktene

Cappelen Damm

Når ein fortel om ei bok til andre, spør dei gjerne kva ho handlar om. Det er som om handling er det mest vesentlege trekket ved ei bok, ein film eller eit teaterstykke. Utan handling har ein liksom ikkje noko å «knagge» det på. Men det er ikkje alltid det er så lett å gjere greie for dette. Det kan illustrerast ved eksemplet «verdas kortaste plot», som vi finn i Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett: «To menn snakkar om ein tredje mann som aldri kjem.» Det er ikkje handlinga som er det viktigaste i Becketts stykke, like lite som det er det i Rannveig Fern Leite Molvens roman Duelyktene. Romanen er mest ein lang refleksjonstråd over tap, sorg, korleis komme seg vidare, og over kor store dei små tinga i kvardagen kan vere i ein relasjon mellom vener eller elskarar.

Viktige trivialitetar

Det er Astrid som reflekterer. Ho har mista ei dotter, Ute, og ho har ei anna dotter, Elsa. Ho har ein kjærast, Isak, og ho har vener, Laura og Karol. Dei snakkar saman, utvekslar tankar om livet og om forholda sine. Dei har sine rom for samtalar, og dei har behov for å halde somme av romma, samtaleemna, avstengde. Molven lar Astrid ta lesaren gjennom erfaringa av å ha lidd eit stort og ubegripeleg tap og frykta for at det same skal skje med Elsa. Det er inga trøyst i å tenkje på kor «usannsynleg» det er at også ho plutseleg skal døy. Astrid veit at det usannsynlege kan skje, for det har skjedd.

Ein skal òg ta livet sitt tilbake, og det livet er sannsynlegvis like fullt av trivialitetar som før ein mista ei dotter. Ingenting stort og ubegripeleg får vere stort og ubegripeleg i all æve. Andre har òg krav på ein kvardag med små filleting å krangle om. Det tilforlatelege har ein umisteleg plass i liva våre.

I ei scene sit Isak med eit dataspel, og Astrid strekker ut ei hand som eit kjærteikn. Handa hennar blir føyst bort. Denne rørsla har ho aldri møtt frå han før, og ho anar at noko er gale. Slike små, meiningsladde ting er det lesarane blir inviterte inn i, og som Molven skildrar på inngåande og litterært sterkt vis.

Gjer lesarane klokare

Som lesar kjenner ein seg klokare etter enda lesing, fordi den vesle boka på 128 sider syner eit stort spekter av det som kan hende eit menneske. Språket er undersøkande og kjenslenært, og då meiner eg ikkje sentimentalt, og med bilde vi har bruk for, fordi dei er overraskande gjenkjennelege, som dette: «Hun har av og til samme følelse når hun akkurat har våknet, kroppen kjennes uvant, som om den ikke er hennes, som om den har blitt byttet ut mens hun sov.» Eller kva skal ein seie om ei kjensle av likesæle som går langt vidare enn det å vere likesæl? «…det virker ikke som likegyldighet, for likegyldighet er noe som følger etter å ha brydd seg». Skremmande, om eg må få seie det.

Eg er forundra og glad og klokare etter å ha lese denne romanen, og som kritikar er eg litt sett ut, fordi eg må gå omvegar for å skildre kvalitetane i han. Eg kan berre sette dykk på sporet. Det er litt som om eg blei spurd: «Kvifor var romanen så god?», og eg svarte: «You had to be there».

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis